Aktivitetspakker med overnatting og mat

 

Dette er ei pakke for deg som ynskjer noko tøffare dagar med mykje vandring og opplevingar på bre, samt ei god matoppleving og overnatting på hotell. Pakka inneheld 3 overnattingar på Fossheim Hotell, tur til vesle og store Gladhøpiggen, bretur på Bøverbreen og ein tur over Prestfosstraversen.

Dag 1: ankomst Fossheim Hotell, middag.
Dag 2: frukost med nistesmøring og termosfylling. Tur til vesle og store Galdhøpiggen. Middag.
Dag 3: frukost med nistesmøring og termosfylling. Brevandringsoppleving på Bøverbreen. Middag
Dag 4: frukost og utsjekk. Ein tur i Prestfosstraversen som ligg i gangavstand fra hotellet. Avreise
Pris fra kr 5290,- pr person

Ein liten smakebit:

Fossheim Hotell
Fossheim Hotell er eit historisk og tradisjonsrikt hotell midt i Lom i Jotunheimen. Her får du god overnatting i ei roleg atmosfære. I restauranten vår kan du nyte både norsk tradisjonsmat og gourmetmat tufta på lokale råvarer frå nasjonalparkane rundt oss.
Hotellvert og vinkjennar Svein Garmo er tredje generasjons eigar på Fossheim Hotell. Saman med dottera Heidrun driv dei familiehotellet vidare. Vertskapet ynskjer at å koma hit skal vera som å koma heim til oss.På Fossheim er vi opptekne av å halde tradisjonar ved like. Vi er stolte av kulturarven vår, både når det gjeld byggeskikk, anna handverk og ikkje minst maten. Prøv eit av våre matkurs der våre kokkar vil røpe  nokre av triksa sine.

Galdhøpiggen og vesle Galdhøpiggen, på høvesvis 2469 og 2369 meter over havet, er av dei høgaste fjella i Noreg og Nord-Europa. Me startar turen frå Juvasshytta, 1840 m.o.h. Frå her går me i lett terreng i omlag ein time opp til Styggebrean, der me sikrar oss og dannar tauglag. Frå her går me over brean ti lskardet mellom Gladhøe og Vesle Galdhøpiggen, og vidare opp eit luftig parti til me står på Vesle Galdhøpiggen. På dette partiet kan det vera behov for sikring, men dette vert vurdert for kvar einskild gruppe. Me går så attende til skardet mellom Galdhøe og Vesle Galdhøpiggen, for så å krysse Styggebrean over til Piggeurdi ved foten av Galdhøpiggen.
Opp Piggurdi er den siste og tyngste delen av turen, og det er her me må ta dei fleste høgdemetera. Turen attende går ned Piggerudi, over Styggebrean til moreneranden og attende til Juvasshytta.

Brevandring på Bøverbrean
Ein dag på Blåisen på Bøverbrean kan vera eit minne for livet. Brevandring i Jotunheimen treng ikkje vera ein slitsam tur, her kan me leggje tilrette for ein tur etter dykkar behov/nivå. Målsetjinga med ei vandring på blåisen er å oppleva noko, ikkje å koma lengst mogleg på kortast mogleg tid. Ynskjer du å få nærkontakt med blåisen arrangerar me fyrst og fremst på Bøverbrean, som er ein fin brearm av Smørstabbrean, midt i hjartet av Jotunheimen. Me kan óg organisere guiding på andre brearmar, dersom det er særlege ynskjer om dette. På brevandringa kosar me oss, ser på sprekkar, grotter og tårn i isen. Det er óg mogleg å verte fira ned i sprekkar, krabbe igjennom istunnelar eller klatre med isøks i ein isvegg.

Prestfosstraversen
Under brua i Lom sentrum har vi spent opp ein Tyrolertravers som er spektakulær. Her suser du avgarde over Prestfossen og nedover elva. Vel i land på Nordalsberget kan me garantere ei meistringskjensle og eit stort smil! Me har ope kvar dag om sumaren, sjå eige oppslag for opningstider. Prestfosstraversen er ein aktivtet for dei fleste, og den tek ikkje langt tid. Såleis kan ein fylle litt ventetid eller ta ei pause frå andre aktivitetar eller gjeremål med ei real adrenalininnsprøyting!

Om du er interessert i pakker fra oss, ta kontakt på e-post: post@aktivilom.no,  eller tlf 61212799