Lom Aktivitetspark

 

Lom aktivitetspark ligg midt i Lom sentrum attmed Sport 1 Lom. I aktivitetsparken har vi samla aktivitetar for barn i alle aldre; klatretårn, gyrotrampoline og 9-hulls minigolfbane. Gyrotrampolina er ein vinnar for dei yngste, men det er óg ein spanande aktivitet for den som ser på. Klatretårnet har 9 ruter; her er det enkle ruter for nybyrjarar og utfordrande ruter med overheng for den med røynsle. Utanfor området er det og vanlege trampoliner og skaterampe.  Har du prøvd diskgolf? Hjå oss kan du leige diskar og få rettleiing til diskgolbana, som ligg i Bøverdalen, ca 15km fra Lom sentrum.

Her kan du ta kontakt og få nyttig informasjon om aktiviteter du kan benytte deg av i Lom og Jotunheimen.  Dei fleste av våre guider veit mykje om aktivitetar i Lom og Jotunheimen, og vi hjelp deg veldig gjerne med å få ei god oppleving både på aktiviteter, turar, mat og overnatting. Spør oss, så vonar me at vi kan gjere opphaldet dykkar i Lom og Jotunheimen aktivt og minnerikt!

Nytt for 2017-sesongen er ei pedal-gokartbane og Pump-trackbane, høver for både liten og stor! pedal-gokart låner de hjå oss medan de må disponere eigen sykkel i Pump-trackbana. De lyt og nytte hjelm under bruk av Pump-trackbana, og dette er den einskilde sitt ansvar.

Det er i tillegg under oppføring eit nytt klatretårn – dette vonar me er klart medio juli! Dette er me superspente på!

 

Opningstider:

24.06.17-07.07.17         11.00-1600

08.07.17-06.08.17        11.00-1800

06.08.17-20.08.17        11.00-1600
Velkommen til oss i Aktiv i Lom