Galdhøpiggen

Galdhøpiggen, 2469 meter over havet, er Noreg og Nord-Europa sitt høgaste fjell. Me tilbjor guida turar til toppen, med start på Juvasshytta, 1840 m.o.h.Frå der går turen i lett terreng i omlag ein time opp til Styggebrean, der me organiserar oss i tauglag.
Frå her brukar me omlag ein time over Styggebrean før me får fast grunn under føtene att. Siste etappe går opp Piggeurdi, og dette er den tyngste delen av turen og det er her me tek dei fleste høgdemeterane. Totalt tek turen opp omlag  3 ½ time og ned omlag 2 ½ time.
Me har ikkje daglege turar til Galdhøpiggen, men tek gjerne turen om du ynskjer eigen guida tur for familien din eller ei anna gruppe.

Topptur til galdhøpigen er ein relativt enkel tur passar dei fleste, også born. De lyt pårekne omlag 45 min. køyring frå Lom sentrum til Juvasshytta med bil. Me gjer merksam om at dette er ein bomveg og bomavgifta vert betalt ved Raubergstulen p åveg opp. Her kan de nytte bankkort.

Me tek på oss guiding av små og store grupper, og me legg opp turen etter gruppa sine ynskjer og genrelle nivå. me fylgjer dykk og har fous på dykkar gruppe under heile turen!

Høyr med oss om pris – den avheng av gruppestorleiken.

Sjå også våre aktivitetspakkar med overnatting

Kontakt oss for bestilling