Grotteturer

Grottetur i Dumdalen

I løpet av nokre tusen eller millioner år løyser surt vatn opp marmor som vert vaska bort saman med porøse bergartar, medan dei harde består. Slik oppstår grotter. I Dumdalen, vest for Lom, fins ei rekkje slike fenomen, der dei fleste vart danna under istida for omlag 10 000 år sidan. Her får ein oppleve underlege bergformasjonar, stillheit og kraftig elvebrus om kvarandre.
Turen startar med korte avstander, store rom og ljos gjennom opninaer i fjellet. Etter kvart auker lengda, romkjensla vert redusert og det einaste ljoset me har er frå hovudlykta på hjelmane våre. Dumdalen er ein idyllisk dal med svært rikt planteliv som fylgje av den kalkrike grunnen. Så om nokon trivst best på overflata vil dei framleis ha ein flott tur.
Deltakarane køyrer eigen bil til Dumdalen (38 km fra Lom).
Oppmøtetid: 10:00

Me har faste grotteturar tysdagar og fredagar fra slutten av juni til midten av august.

Må bookast før klokka 18.00 kvelden før.

Skulle tysdagar og fredagar passe dårleg, ta kontakt med oss så skal me sjå kva me kan få til.
Oppmøtested: Kl 09:50 ved parkering ved inngangen til Dumdalen på venstre side vest for mellombels bru, omlag 500 meter vest for Bøverton som ligger på RV 55