Galdhøpiggen klatrepark

Galdhøpiggen klatrepark består av 8 løyper inkludert ei testløype og ei barneløype. Her er det travesar (zipline) og mange ulike utfordringar oppe imellom trea, opp til 12 meter i høgde. Dette er ein flott aktivitet for familiar. Parken eignar seg og godt for bedrifter, lag og grupper, avslutningar, utdrikkingslag eller andre som ynskjer å oppleva noko utanom det vanlege i godt lag.

BARNELØYPA

Det er nyleg bygd ei ny barneløype nederst i parken. Denne er laga slik at vaksne/føresette kan gå ilag med bornet attmed løypa på bakken, og alltid ha moglegheit til å bistå eller avbryte aktiviteten. Barneløypen er laga slik at ein kan gå heile løypa fleire gonger eller berre delar av den. Dette er noko ein kan gjera medan ein eventuelt ventar på andre i fylgjet sitt.

EKSTREMLØYPA

Ekstremløypa utfordrer sjølv den erfarne klatreparkentusiast. Dette er ei forhaldsvis kort løype med høg intensitet der du får prøvd både psyke og balanse. For å klatre denne løypa lyt du vera over 160 cm lang.

Gje venene dine eller familien din ei skikkeleg utfordring og invitér dei med på ein tur i klatreparken! Me kan óg lage ulike opplegg for teambuliding til lag, bedrifter eller organisasjonar. Kontakt oss på post@aktivilom.no eller ring oss på tlf.: 612 12 799

OPNINGSTIDER

24.6.2017 til 20.8.2017
10:00-15:30 (oppmøtetid)

Klatreparken stenger heilt kl 17:00

For grupper er det ope heile året. Ring 61212799 eller send e-post post@aktivilom.no for bestilling.

PRISER

Over 140 kroppslengde340,-
Under 140 kropslengde 1250,-
Barn 4 – 7 år 2100,-
1 min. 110 kropslengde og min. 7 år.
2 under 110 kropslengde.

Grupper over 10 personer må avtale i forkant. Barn under 11 år må ha med foreldre.