Klatretårnet

Klatretårnet

Klatretårnet ligg attmed Sport 1 i Lom sentrum. Tårnet er 12 meter høgt, og har ei klatreflate på 155 m2. Utforminga er ganske så naturtru. Tårnet gjev utfordringar både for ein nybyrjar og ein vidarekomande klatrar. Tårnet kan engasjere inntil 20 klatrarer samstundes. Tårnet er bygd av glassfiber, såkalla 3D Real Rock.

Tårnet er ein fin aktivitet som ikkje tek for lang tid, høveleg etter fjellturen før middag, medan ein i fylgjet handlar eller som ei pause på bilturen. Her kan du velje å ta ein prøvetur eller ein ordinær tur der du brukar tida du treng. For å klatre på eigehand må du ha brattkort. Har du ikke brattkort lyt våre guidar vera med deg og sikre.

Er dykk ei gruppe er klatretårnet ein flott aktivitet som ikkje tek for lang tid, men som vil gjeva utfordringar til kvar einskild. På området ved tårnet finn de óg andre aktivitetar einkan nytte seg av.

Sjå óg Prestfosstraversen