Brevandring i Jotunheimen

En dag på Blåisen på Bøverbreen kan vera eit minne for livet. Brevandring i Jotunheimen treng ikkje vera ein slitsam tur, for her kan vi leggje opp turen etter kundens nivå. Heile poenget med brevandring i blåisen er å oppleve noko, ikkje å koma lengst mogleg på kortast mogleg tid. Om du ynskjer å få nærkontakt med blåisen så arrangare me turar fyrst og fremst på Bøverbreen, som er en fin brearm av Smørstabbreen som ligg midt i hjartet av Jotunheimen. Me kan óg ta på oss guiding på andre brearmer. På brevandring kosar me oss, ser på sprekkar, grotter og tårn i isen. Mange har sikkert lyst til å krabbe gjennom istunellar, verte firt ned i ein sprekk eller klatre med isøkser i ein isvegg.

I Lom og Jotuneheimen har vi mange brear, og ein bretur i Jotunheimen kan være så mangt. Me har flate brear med lite sprekker, og bratte brear med mange sprekker og tårn. De flatere breane vert ofte gått på for å nå ein fjelltopp, medan dei meir spektakulære breane vert brukt til opplevingar.

Ein tur på Bøverbreen frå Krossbu eller Sognefjellshytta tek omlag 5-6 timer. Av dette bruker me omlag ein time inn til brean, og ein time attende til veigen. Oppmøte er ved parkeringen nedanfor Krossbu kl 0940.

Me har med:

stegjern eller brodder, isøks, sele og hjelm til deg.

Personlig utstyr du har med:

  • Vindtett/ vanntett bukse og jakke
  • Fjellsko med stiv såle, og skoa bør gå over ankelen
  • Ryggsekk med litt plass til utstyret dykk får frå oss til turen
  • 1 til 2 skift av undertøy, helst ull
  • 1 varmare genser til å ha på om det vert kaldt
  • Luer og votter
  • Mat og drikke for ein lang dag
  • Solbriller og solkrem

Me har sett opp turar på onsdagar og lørdagar fra slutten av juni til midten av august.

Må bookes før klokka 18.00 kvelden før.

Brevandring bøverbreen blåistur 2014_3

Ta kontakt med oss om du syntes dette høyrdes spanande ut. Om onsdag og lørdag ikkje passar, ta kontakt med oss, så skal vi sjå kva me kan få til.