Fjellturar i Jotunheimen

På fjellturar i Jotunheimen og Lom har du tilgjenge til dei høgaste toppane i Noreg. Langt dei fleste toppane over 2000 m.o.h. ligg i Jotunheimen, og dei fleste av dei er flotte turmål, av varierande vanskelegheitsgrad. Ein fjelltur her kan vera ein kjapp ettermiddagstur på 2- 3 timar opp i over 2000 meters høgde, som til dømes toppar som Kyrkja og Stetind. Du kan få ein noko lengre dag kombinert med brevandring på f.eks Smørstabbrean og flotte toppar som Storebjørn og Store Smørstabbtind. Elles kan ein velje ein lengre dag i fjellet med t.d. Bukkeholstraversen, med eit ti-tals toppar over 2000 m.o.h.

I Jotunheimen er det moglegheiter for fjellturar for folk med alle slags føresetnadar. Me hjelp deg gjerne med planlegge fjellturar i Jotunheimen, og me kan i tillegg bistå med å ordne overnatting og mat. Er det ynskjeleg har me mykje andre aktivitetar som kan vera fine å kombinere med ei toppturhelg.

Vårt utval av fjellturar er stort, og me kan ta deg trygt rundt omkring på et hav av topper. Me har flest turar i fjellområda kring Galdhøpiggen og Smørstabbtindane. Fjellturar i Jotunheimen kan med fordel kombinerast med brevandring eller andre spanande aktivitetar. Er du ute etter ei spesiell oppleving kan me tilbjo overnatting i Lavvocamp, denne ligg ved vakre Raubergstulen, mellom Visdalen og Bøverdalen. Har du eigne ynskjer i høve draumeturen din i fjellheimen hjelp me deg gjerne! Send oss ein førespurnad så ser me kva vi kjem fram til.

Felles for alle turane er trygg og god føring og storslått natur.