Geologi-pakka

Dette er eit pakketilbod til deg som er interessert i geologi og naturhistorie kombinert med flotte naturopplevingar, samt ei god matoppleving og overnatting på hotell. Pakka inneheld 3 overnattingar på Fossheim Hotell, der god mat tufta på lokale råvarar står på bordet, besøk i Klimapark 2469 Mimisbrunnr, Norsk Fjellsenter, grottevandring, klatrepark og ein køyretur i Prestfosstraversen.

Dag 1: ankomst Fossheim Hotell, middag.
Dag 2: frukost med nistesmøring og termosfylling. Tur til klimaparken og Norsk Fjellsenter. Middag.
Dag 3: fru kost med nistesmøring og termosfylling. Tur til Dumdalen for grottevandring og seinare Galdhøpiggen Klatrepark. Eit besøk på Lom steinsenter; geologisk museum og gåvebutikk. Middag
Dag 4: Frokost.  Utsjekk. Ein tur i Prestfosstraversen som ligger i gangavstand fra hotellet.Avreise

Pris frå kr 4850,- pr person

                                                                                                                                                                                                                                                                     Fossheim Hotell er eit historisk og tradisjonsrikt hotell midt i Lom i Jotunheimen. Her får du god overnatting i ei roleg atmosfære. I restauranten

vår kan du nyte både norsk tradisjonsmat og gourmetmat tufta på lokale råvarer frå nasjonalparkane rundt oss.
Hotellvert og vinkjennar Svein Garmo er tredje generasjons eigar på Fossheim Hotell. Saman med dottera Heidrun driv dei familiehotellet vidare. Vertskapet ynskjer at å koma hit skal vera som å koma heim til oss.
På Fossheim er vi opptekne av å halde tradisjonar ved like. Vi er stolte av kulturarven vår, både når det gjeld byggeskikk, anna handverk og ikkje minst maten. Prøv eit av våre matkurs der våre kokkar vil røpe nokre av triksa sine.

Mímisbrunnr klimapark finn du i Lom, ved foten av Galdhøpiggen i Jotunheimen.
Over Juvflye vert du guida gjennom klimahistorie og fleire tusen års historie om jakt og fangst, før turen går vidare inn i isen. Ein istunnel går 60 meter inn i isen; is som er 6 000 år gammal. Turen gjennom klimaparken er delvis tilrettelagt av gangbaner. Tur som passar både små og store.

 

 

 

Norsk Fjellsenter: Utstillinga Over isen – funn frå isen viser veg syner historia om mennesket sin ferdsel i fjellet i førhistorisk tid, med dei arkeologiske funna frå Lendbreen i Breheimen som utgangspunkt. Kva klede og utstyr veit vi dei brukte? Korleis gjekk transporten over fjellet føre seg? Og korleis arbeider arkeologane i dag med funna som smeltar fram frå isen?
Museet er også besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen med informasjon, kart og turforslag.

Dumdalsgrottene
I løpet av tusen eller millioner år løyser surt vant opp marmor som vert vaska bort sammen med porøse bergarter, mens de harde består. Slik oppstår grotter. I Dumdalen, vest for Lom, finns ei rekkje slike fenomen, der dei fleste vart danna under siste istid for vel 10 000 år sidan. Her får ein oppleve underlege bergformasjoner, stillheit og kraftig elvebrus om kvarandre.
Turen starter med korte avstander, store rom og lys gjennom opningar i fjellet. Etter kvart aukar lengda, romkjensla vert redusert og det einaste ljoset me har er frå hovudlyktene på hjelmen. Dumdalen er ein idyllisk dal med svært rikt planteliv som fylgje av den kalkrike grunnen. Om nokon difor  trivst best overflata vil dei framleis sitje att med ei flott turoppleving.

Galdhøpiggen klatrepark består av 8 løyper inkludert ei testløype og ei barneløype. Her er det travesar (zipline) og mange ulike utfordringar. Dette er ein flott aktivitet for familier. Her har du ulike utfordringer i mellom trær i opp til 12 meters høgde. Parken er bygd i naturleg helling i landskapet, og tilbjor ei utsikt av dei meir spektakulære under heile turen. Parken eigner seg óg godt for bedrifter, avsluttningar, utdrikkingslag eller andre grupper. Kom til Galdhøpiggen klatrepark å få en god opplevelse. 

Barneløypa
Ny barneløype er bygd nær botnen av parken. Denne er laga slik at vaksne kan fylgje bornet i løypa eller gå attmed, dersom bornet treng bistand undervegs. Barneløypen er laga slik at ein kan gå heile fleire gonger eller berre delar av den. Ei fin tidtrøyte for dei minste om ein lyt vente på fylgje sitt som held på andre stadar i parkløypene.
Parken har til sammen 76 plattformer, og bør vekke «Tarzan» i de fleste av oss. Grillplassen i botnen av parken gjev moglegheit for matservering etter klatringa. Dette lyt avtalast på førehand.
Ekstremløypa
Ekstremløypa utfordrer sjølv den mest erfarne klatreparkentusiast. Dette er ei etter førehalda kort løype med høg intensitet, der du får prøvd både psyke, balanse, motorikk og styrke. For å klatre ekstremløypa lyt du vera over 160cm lang.

 

Prestfosstraversen

Under brua i Lom sentrum har me spent opp ein spektakulær Tyrolertravers. Her susar du avgarde over Prestfossen og nedover elva. Vel i land på Nordalsberget er du garantert ei mestringskjensle og ei naturoppleving av dei meir sjeldne! Prestfosstraversen er ope kvar dag om sumaren, sjå eige oppslag for opningstider. Prestfosstraversen er ei oppleving og ei utfordring som høver for dei fleste. Aktivteten tek heller ikkje lang tid og kan vera eit artigt og oppfriskande gjeremål nesten uansett kor travelt ein har det.