Kajakk- og kanoutleige

Kunne du tenkje deg ein tur i kajakk eller kano med flott natur på alle kantar? Me har kajakk- og kanoutleige!

 

I Lom og Jotunheimen er det mange flotte vatn for ein hyggelig padletur. Farkostane er plassert ved Skim, elva som renner forbi Lom fra Skjåk mot Otta. De treng difor ikkje frakte kajakken eller kanoen til vatnet. Skim er godt eigna for nybyrjarar, her er det grunt vatn, slik at ein kan gjera seg trygg på farkost og teknikk før ein prøvar seg på djupare farvatn. Frå utgangspunktet kan du padle mot Skjåk, eit vakkert skue ein solrik sumardag! Det er óg mogleg å padle austover mot Vågå, men her må du bera kajakk eller kano forbi stryket under brua til solsida.

Ynskjer du å nytte deg av dette tilbodet er utleigestaden i Lom aktivitetspark, her får du med deg naudsynt utstyr og nyklar for å låse opp ynskt farkost.

Ynskjer du å leige kajakk eller kano for en tur på eit anna vatn er også det mogleg. Fine destinasjonar er Høydalsvatnet, Dalsvatnet, Tesse, Lemonsjøen, Preststeinsvatnet og mange fleire.

Me har i dag 5 kajakker og ein kano.
Kajakkene er til ein person, og kanoen er til 3 vaksne eller 2 vaksne og 2 born.

Pris kr 400,- pr. døgn

Om du ynskjer å leige utanom sesongen ved Lom aktivitetspark, ta kontakt med oss på e-post eller telefon.