Lom aktivitetspark

 Lom aktivitetspark ligg midt i Lom sentrum attmed Sport 1 Lom. I aktivitetsparken har vi samla aktivitetar for barn i alle aldre; klatretårn, gyrotrampoline og 9-hulls minigolfbane. Nytt for sesongen 2017 er nytt klatretårn, ei pump-track-bane og tråbilbane!  Gyrotrampolina er ein vinnar for dei yngste, men det er óg ein spanande aktivitet for den som ser på. Klatretårnet; me ventar i spaning på nytt tårn sesongen 2017 –  her vert det enkle ruter for nybyrjarar og utfordrande ruter for den med røynsle. Pump-track-bane føreset at du har eige sykkel du kan bruke samt hjelm. Tråbil-bana er ein super aktivitet for heile familien, med tråbilar som kan tilpassast ulike kroppslengder. Utanfor området er det og vanlege trampoliner og skaterampe.  Har du prøvd diskgolf? Hjå oss kan du leige diskar og få rettleiing til diskgolbana, som ligg i Bøverdalen, ca 15km fra Lom sentrum.

Her kan du ta kontakt og få nyttig informasjon om aktiviteter du kan benytte deg av i Lom og Jotunheimen.  Dei fleste av våre guider veit mykje om aktivitetar i Lom og Jotunheimen, og vi hjelp deg veldig gjerne med å få ei god oppleving både på aktiviteter, turar, mat og overnatting. Spør oss, så vonar me at vi kan gjere opphaldet dykkar i Lom og Jotunheimen aktivt og minnerikt!

Prisar og opningstider 2017:

24.06.17-30.07.17              11.00-1600

01.07.17-06.08.17             11.00-1800

07.08.17-20.08.17             11.00-1600

  • 9 hol mini golf                                               NOK 70 per person/ NOK 195 per familie
  • Gyro Trampoline                                          NOK 80 per 7 minutt
  • Pump track-bane/ Pedal Gokart bane     NOK 90 per dag/ Familie ( 2 vaksne og max. 3 born) NOK 210 per dag.
  • Sykkel er ikkje inkludert (pump track-bana), Pedal Gokart er inkludert. Hjelm er personleg og påkravd utstyr, og hjelm skal alltid nyttast når ein er i aktivitet på Pump Track-bana. Dette er den einskilde sitt ansvar å fylgje opp.

Velkommen til oss i Aktiv i Lom!