Prestfosstraversen

Under brua i Lom sentrum har vi spent opp en tyrolertravers som me har døypt Prestfosstraversen siden den går utover Prestfossen i elva Bøvra. Ziplinen er ei spektakulær oppleving, med ein foss som spruter kastar vatn opp mot deg og ei elv som bølgjer seg like under beina dine. Ein tur nedover Prestfossen er ei oppleving; nær alle kliv i land på Nordalsberget med ei intens meistringskjensle og eit breidt smil i andletet! Undervegs kan du vinke til gjestane på Bakeriet i Lom eller på Smak i Lom! Rushet er til å ta og kjenne på! Men la ikkje det skremme deg frå å prøve; Prestfosstraversen er ein snill zipline som dei fleste tør prøve.

Ein tur med Prestfosstraversen er ei oppleving og ei utfordring for dei aller fleste, og den eignar seg godt for både grupper, skuleklassar og den einskilde turist- og besøkjande. Aktiviteten tek heller ikkje lang tid, så dette er ein hyggelig liten sak ein kan ta seg tid til nesten uansett kor travelt ein har det. I skuleferien om sommaren har vi ope kvar dag. Er dykk ei gruppe kan dykk gjerne ta kontakt for å gjera ei avtale eit anna tidspunkt dersom opningstida ikkje høver.

Sjå film fra Prestfosstraversen. KLIKK HER

Oppmøte ved Norsk Fjellsenter som ligg på vestsida av brua midt i Lom sentrum.

Pris:

185,-

Opningstider:

24-25.06.17                                            11.00 – 1700

26.06.17-30.06.17                                 16.30 – 1800

01.07.17-06.08.17                                 10.30 – 1700

07.09.17- 20.08.17                                16.30 – 1800

Velkomne til oss i Aktiv i Lom!