Topptur i Jotunheimen – vinter og vårskiturar

Topptur jotunheimen

Me tilbjor toppskiturar i Jotunheimen frå januar og så lengje føret held!

Jotunheimen er eit fantastisk område å oppleve på ski om vinteren. Skisesongen her varer nesten heile året, om ein vil. Me legg opp til ein del fastsette turar frå januar og fram til påske. I påska 2018 legg me opp til eigne turar med utgangspunkt frå Sognefjellshytta. Etter påske og ut mai, som kanskje er den finaste tida for å ferdast i høgfjellet på ski, har me igjen fastsette turar, både med utgangspunkt i Sognefjellshytta og frå andre stadar. Ein tur med våre erfarne fjellførarar på topptur i storslagjen natur kan du trygt føre opp på bucketlista di!

Sjå gjerne facebooksida vår for nærare informasjon om dei einskilde, fastsette turane. De vil der finne informasjon om datoar, turmål, pris og oppmøtetider.

Me kan óg arrangere skiturar eller toppturar utanom dei fastsette, både vinter og vår.

Galdhøpiggen

På ski over Styggebrean med Galdhøpiggen som mål er du undervegs til ei spesiell oppleving. Om du har vore her på sumarstid veit du at både vegen opp og sjølve toppen må du dele med andre. På skitur om vinteren er dykk eit lite fylgje, det kvite landskapet kjennes mektig og upløyd – det ligg ei stille over fjellheimen som du ikkje finn i den travlaste turistsesongen. Nedkøyringa kronar dagen – me anbefalar de som ikkje har opplevd Norges tak med ski på føtene å prøve dette i 2018!

Jotunheimen byr på eit utal turmål for vinter- og vårskiturar. Ta kontakt med oss så hjelp me deg til å leggje opp din tur!

 


Send førespurnad utenom fastsette turar

Påska 2018

Me legg i samarbeid med Sognefjellshytta opp til guida turar på randoneé/fjellski frå Sognefjellshytta kvar dag i påska 2018 frå palmelaurdag 24.mars og fram til påskekvelden 31.mars. Vegen fram til Sognefjellshytta er vinterstengd på dette tidspunktet og ein lyt difor rekne med å overnatte på Sognefjellshytta som naudsynt for deltakinga. Det er mogleg å få transport frå vegbommen og inn til Sognefjellshytta. Me kan bistå i booking av overnatting – pris for tur inkluderar ikkje overnattinga. For booking av overnatting og transport: post@sognefjellet.no

Turguiden vil ha fjellførartime med påmeldte kvelden i førevegen på Sognefjellshytta. Her vert turen gjennomgått og det vert høve til å stille spørsmål og få råd og tips i høve kleval/utstyr. Maks påmeldte pr. tur er 8 stk. – her gjeld det å vera tidleg ute!

Me har sett opp fylgjande turmål. Me tek atterhald om at skredfare, vær og føre kan gjere det naudsynt å endre dette frå dag til dag.

24.3: Fanaråken
25.3:Veslbreatind
26.3: Store Smørstabbtind
27.3: Kalven
28.3: Storebjørn
29.3: Fanaråken
30.3: Veslfjelltind
31.3: Sokse

Fastsette toppturar april/mai 2018

Felles for alle toppturane er at me legg opp til turar som alle skal kunne klare. I utgangspunktet turar på 4-6 timer med ein topp i området som målsetjing. Målet for dagen vert bestemt når me kjenner vær- og føre og deltakarane sine føresetnadar.

Oppmøte er på Sognefjellshytta 09.00 før kvar tur. Dette er for å kunne planlegge dagens tur i høve til gruppa, vær/føre og for at dykk skal få ta del i turplanlegginga. Me vil óg sjå over utstyret de har med, slik at alt er i orden før me legg i veg.

Frå Sognefjellshytta køyrer de eigen bil til utgangspunktet for dagens tur. Det er stutt veg både til Krossbu og Leirdalen, som er naturlege utgangspunkt for mang ein flott tur.

Randonée, telemark eller fjellski, fersking eller røynd er du velkomen på topptur med oss!

Dei ulike toppturane/tema

Me har sett opp toppturer med litt ulike tema i vår, og vonar du kan finne noko som fengjar eller som du kunne tenkt deg å lære meir om. Dersom ynskjeleg kan me sjølvsagt tilpasse innhaldet i turen i samsvar med behov og ynskje frå gruppa.

Topptur – Ein tur for alle! Me fokuserar på turglede og fjellvett.
Innføringstur – Dette er turen for deg som er litt fersk på ski eller i vinterfjellet. Me fokuserar på grunnleggjande teknikk og fjellvett.
Jentetur – Dette er turen berre for jenter/damer.Snøtur – Dette er turen for deg som vil lære meir om snø, vegval og bruk av sendar/mottakar med meir.

Bekledning og utstyrsliste

Sjå til at ski, sko, stavar og bindingar er i orden og at alt fungerar som det skal. Om du brukar feller så sjå til at desse passar og heng tilstrekkjeleg fast.

Bekledning for full vinter (sjølv ved god værmelding)

  • Skaljakke/Bukse
  • Ullundertøy på kroppen + ekstra i sekken
  • Dunjakke/primaloftjakke eller anna varmt plagg
  • Hansker/votter til å gå med og et par varme i sekken minimum
  • Lue
  • Buff/hals
  • Eit ekstra par sokkar
  • Solbriller og solkrem (uansett vær)
  • Nok mat og drikke til heile turen +litt ekstra
  • Skismurning og/eller feller
  • Skibriller

Tryggleiksutstyr

  • Sendar/Mottakar
  • Søkestang
  • Spade
  • Hjelm

Andre ting som er kjekt å ha

  • Kamera
  • Sjokolade

Overnatting

Etter ein dag med utfalding og aktivitetar er det tid for god, heimlaga mat og kvile. Det å la dagens naturopplevingar få synke dypt inn framfor eit gneistrande peisbål er ei oppleving i seg sjølv.

Me samarbeider og med andre overnattingsbedrifter i området – har du særlege ynskjer vedrørande overnatting hjelp me deg gjerne med å bestille.

Prisar

Fastsette turar: 990,- pr. pers
Andre turar: Pris ved førespurnad