Topptur jotunheimen

Topptur på ski i Jotunheimen

Jotunheimen er eit fantastisk område å oppleve på ski om vinteren. Skisesongen her varer nesten heile året, om ein vil. Me legg opp til ein del fastsette turar i mai, som er kanskje den finaste tida for å ferdast i høgfjellet på ski. Ein tur med våre erfarne fjellførarar på topptur i storslagjen natur kan du trygt føre opp på bucketlista di!

Me kan óg arrangere skiturar eller toppturar utanom dei fastsette, både vinter og vår.

Fastsette toppturar i vår

Felles for alle toppturane er at me legg opp til turar som alle skal kunne klare. I utgangspunktet turar på 4-6 timer med ein topp i området som målsetjing. Målet for dagen vert bestemt når me kjenner vær- og føre og deltakarane sine føresetnadar.

Oppmøte er på Sognefjellshytta 09.00 før kvar tur. Dette er for å kunne planlegge dagens tur i høve til gruppa, vær/føre og for at dykk skal få ta del i turplanlegginga. Me vil óg sjå over utstyret de har med, slik at alt er i orden før me legg i veg.

Frå Sognefjellshytta køyrer de eigen bil til utgangspunktet for dagens tur. det er stutt veg både tli krossbu og Leirdalen, som er naturlege utgangspunkt for mang ein flott tur.

Randonée, telemark eller fjellski, fersking eller røynd er du velkomen på topptur med oss!

Dei ulike toppturane/tema

Me har sett opp toppturer med litt ulike tema i vår, og vonar du kan finne noko som fengjar eller som du kunne tenkt deg å lære meir om. Dersom ynskjeleg kan me sjølvsagt tilpasse innhaldet i turen i samsvar med behov og ynskje frå gruppa.

Topptur – Ein tur for alle! Me fokuserar på turglede og fjellvett.
Innføringstur – Dette er turen for deg som er litt fersk på ski eller i vinterfjellet. Me fokuserar på grunnleggjande teknikk og fjellvett.
Jentetur – Dette er turen berre for jenter/damer.Snøtur – Dette er turen for deg som vil lære meir om snø, vegval og bruk av sendar/mottakar med meir.

Bekledning og utstyrsliste

Sjå til at ski, sko, stavar og bindingar er i orden og at alt fungerar som det skal. Om du brukar feller så sjå til at desse passar og heng tilstrekkjeleg fast.

Bekledning for full vinter (sjølv ved god værmelding)

  • Skaljakke/Bukse
  • Ullundertøy på kroppen + ekstra i sekken
  • Dunjakke/primaloftjakke eller anna varmt plagg
  • Hansker/votter til å gå med og et par varme i sekken minimum
  • Lue
  • Buff/hals
  • Eit ekstra par sokkar
  • Solbriller og solkrem (uansett vær)
  • Nok mat og drikke til heile turen +litt ekstra
  • Skismurning og/eller feller
  • Skibriller

Tryggleiksutstyr

  • Sendar/Mottakar
  • Søkestang
  • Spade
  • Hjelm

Andre ting som er kjekt å ha

  • Kamera
  • Sjokolade

Overnatting

Etter ein dag med utfalding og aktivitetar er det tid for god, heimlaga mat og kvile. Det å la dagens naturopplevingar få synke dypt inn framfor eit gneistrande peisbål er ei oppleving i seg sjølv.

Me samarbeider og med andre overnattingsbedrifter i området – har du særlege ynskjer vedrørande overnatting hjelp me deg gjerne med å bestille.

Prisar

Fastsette turar: 750,- pr. pers
Andre turar: Pris ved førespurnad