Skip to content

Midtsommerfest med deLillos og Baksia under Fjordingsmartnan

deLillos og Baksia i Presthaugen

#cfwesenbergDet blir poprock frå storbyen og bygdarock frå Gudbrandsdalen på midtsumarsfesten i Presthaugen under Fjordingsmarnan. Laurdag 20. juni blir det familiekonsert med deLillos og fest med Baksia.  deLillos spelar på scena i Presthaugen frå kl 21.00 og i ca. 90 minutter. Da tek Baksia over   resten av kvelden. Dørene opnar kl 20.00, festen avsluttest kl 02.00.

deLillos starta sin konsertturne 2015 i Mo i Rana den 20. mars. Så går det slag i slag utover før dei altså  kjem til Lom og Fjordingsmartnan 20. juni. Utover sommaren held  deLillos fram mellom annet med opptreden på Stavernfestivalen, Treungenfestivalen, Raumarock, Frøyafestivalen og ikkje minst Øyafestivalen i Oslo.

Albumet  «Rett og slett livet» kom i 2014 og tittelsingelen har vore hyppig spelt på radio.  deLillos startea opp i 1984 og er regkna som ein av dei fire mest markante i norsk musikkliv sammen med Raga Rockers, DumDum Boys og Jokke & Valentinerne. deLillos er i dag Lars Lillo-Stenberg, Lars Fredrik Beckstrøm, Øystein Paasche og Lars Lundevall.

3 NETTBaksia starta så langt attende som i 1975 på Harpefoss. Gudbrandsdølene har stått på martnasscena i Lom også ved eit par tidligare høve (2003 og 2008). Gudbrandsdølene er  i dag meir populære og etterspurte enn nokon gong – 40 år etter!   Siste albumet til Baksia er «Midt e ver’n», som kom i 2010.

Inngang kr 450,-
(150kr u/15år barn u/7 år går gratis.)
Festen fortsetter med Baksia 15 år