Her finn du oss

Aktiv i Lom held til på fleire stadar i Lom og Bøverdalen.

Galdhøpiggen klatrepark ligg i Bøverdalen i Lom kommune, nærare bestemt på Raubergstulen oppunder Galdhøpiggen i Jotunheimen. Parken har ei makelaus plassering med utsikt over store delar av Bøverdalen. Du kan nyte utsikta over mange toppar over 2000 m.o.h Lom aktivitetspark ligg nærast midt i Lom sentrum; Fossbergom. Me er der næraste nabo med Sport 1 Lom. Me har godt med parkeringshøve, aktivitetar for born og vaksne i tillegg til alt vår nabo Sport 1 Lom kan tilbjo. Frå her er det kort gangavstand til resten av Lom sentrum. Fra her er det kort gangavstand til resten av Lom sentrum.
Prestfosstravesen ligg óg midt i Lom sentrum. Denne ligg ved Norsk Fjellsenter.
Odda skule i Bøverdalen er depoet vårt, her lagrar me alt utstyret vårt samt at me har kontoret vårt her. Me har ikkje bemanna opningstid her, du når oss på telefon eller epost.

Lom ligg ganske sentralt i sør-Noreg. Det tek omlag like lang tid å køyre hit om du kjem frå Oslo, Trondheim eller Bergen. Kjem du frå Oslo eller Trondheim fylgjer du E6 fram til Otta og tek der av og inn på Rv15 til Lom. Kjem du vestfrå køyrer du over Sognefjellet på Rv55 eller over Strynefjellsvegen Rv15 til du kjem til Lom. Frå Lom sentrum er det omlag 19 km til Galdesand. Her svingar du til venstre skilta mot Galdhøpiggen, Raubergstulen, Juvasshytta). Det er vidare omlag 5km til Raubergstulen og Galdhøpiggen klatrepark.