Aktivitetar

Skuletur

Lom og Jotunheimen er eit framifrå utgangspunkt for ei spanade og lærerik skuleveke! Me har i mange år sydd i hop turpakkar til skuleklassar som planlegg tur. Me tilpassar opplegget etter elevane sin alder og meistringsnivå. Vanlegvis er både tur til Galdhøpiggen, rafting, Galdhøpiggen Klatrepark, zip-line og grottetur på programmet – i tillegg til besøk…

Firmatur

Lom og Jotunheimen har natur, opplevingar og overnattinga om du har ei firmagruppe som skal på tur, teambuilding eller feire ei fullført målsetjing! Sidan oppstarten i 2008 har me årleg hatt fleire arrangement for firma og bedrifter som ynskjer eit skreddarsydd opplegg for si gruppe; både store og mindre fylgje. Aktivitetar som kan nyttast er…

Galdhøpiggen klatrepark

Galdhøpiggen klatrepark består av 8 løyper inkludert ei testløype og ei barneløype. Her er det traveser(zipline) og mange ulike utfordringar. Dette er ein flott aktivitet for heile familien. Her har du ulike utfordringar ope imellom trea i opp til 12 meters høgde. Parken eigner seg og godt for bedrifter, avsluttningar, utdrikkingslag eller andre grupper. BARNELØYPA…

Dag kjører Prestfosstraversen

Prestfosstraversen

Under brua i Lom sentrum har vi spent opp en tyrolertravers som me har døypt Prestfosstraversen, sidan den går utover Prestfossen i elva Bøvra. Ziplinen er ei spektakulær oppleving, med ein foss som spruter kastar vatn opp mot deg og ei elv som bølgjer seg like under beina dine. Ein tur nedover Prestfossen er ei oppleving; nær alle kliv i land på Nordalsberget med ei intens meistringskjensle og eit breidt smil i andletet!

Lom aktivitetspark

Lom aktivitetspark ligger midt i Lom sentrum ved siden av Sport 1 Lom og Brimibue. Her er det mange aktiviteter for barn og unge. I aktivitetsparken har vi klatretårn, gyrotrampoline og 9-hulls minigolfbane

Jotunheimen Panorama

Nesten svevande over vakre Bøverdalen ligg Hugin og Munin, to Artic Domes, like under Juvassplatået og ventar på deg som ynskjer eit overnattingstilbod som har det vesle ekstra. Kvar morgon, når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei flyg både over Åsgard og Midgard. Dei legg merkje til det som skjer og…

Galdhøpiggen

Galdhøpiggen, 2469 meter over havet, er Noreg og Nord-Europa sitt høgaste fjell. Me tilbjor guida turar til toppen, med start på Juvasshytta, 1840 m.o.h.Frå der går turen i lett terreng i omlag ein time opp til Styggebrean, der me organiserar oss i tauglag. Frå her brukar me omlag ein time over Styggebrean før me får…

Overnatting i lavvo

Ønsker du overnatting i lavvo der alt er klart og tilrettelagt?
I vår lavvocamp på Raubergstulen har vi stående 4 lavvoer til overnatting, og en oppholds/kjøkkenlavvo.

Brevandring i Jotunheimen

En dag på Blåisen på Bøverbreen kan vera eit minne for livet. Brevandring i Jotunheimen treng ikkje vera ein slitsam tur, for her kan vi leggje opp turen etter kundens nivå. Heile poenget med brevandring i blåisen er å oppleve noko, ikkje å koma lengst mogleg på kortast mogleg tid. Om du ynskjer å få…

Grottetur i Dumdalen

I løpet av nokre tusen eller millioner år løyser surt vatn opp marmor som vert vaska bort saman med porøse bergartar, medan dei harde består. Slik oppstår grotter. I Dumdalen, vest for Lom, fins ei rekkje slike fenomen, der dei fleste vart danna under istida for omlag 10 000 år sidan. Her får ein oppleve…

Kajakk- og kanoutleige

Kunne du tenkt deg en tur i kajakk eller kano med flott natur på alle kantar? Me har kajakk- og kanoutleie!   I Lom og Jotunheimen er det mange flotte vatn for ein hyggelig padletur. Farkostane er plassert ved Skim, elva som renner forbi Lom fra Skjåk mot Otta. De treng difor ikkje frakte kajakken eller…

Topptur i Jotunheimen – vinter og vårskiturar

Me tilbyr toppskiturar i Jotunheimen frå januar og så lengje føret held! Jotunheimen er eit fantastisk område å oppleve på ski om vinteren. Skisesongen her varer nesten heile året, om ein vil. Me legg opp til ein del fastsette turar frå januar og fram til påske. I påska 2018 legg me opp til eigne turar…

Fjellturar i Jotunheimen

På fjellturar i Jotunheimen og Lom har du tilgjenge til dei høgaste toppane i Noreg. Langt dei fleste toppane over 2000 m.o.h. ligg i Jotunheimen, og dei fleste av dei er flotte turmål, av varierande vanskelegheitsgrad. Ein fjelltur her kan vera ein kjapp ettermiddagstur på 2- 3 timar opp i over 2000 meters høgde, som…

Firmatur – Gruppetur – Event

Vi har kvart år fleire event for bedrifter og grupper. Mange av desse er firmaturar i Lom og Jotunheimen, ofte med eit mål om å nå toppen av Galdhøpiggen, der opplevingar som god mat, flott natur og eit godt samhald i gruppa er i fokus. Me kan lage opplegg med overnatting på hotell, hytter eller…

Overnattingsstadar i Lom

Nasjonalparklandsbyen Lom har eit rikt utval av overnattingstadar; frå camping til hotell og nær sagt alt i mellom. Ynskjer du å vera nær sentrum og dei fasilitetane som fylgjer av det kan du velje mellom både camping, hytter, motell og hotell. Lenger frå sentrum og nærare fjell- og turmål finst eit stort utval av overnattingsstadar…

Haustferie i Galdhøpiggen Klatrepark

Haustferie i Galdhøpiggen Klatrepark

okt 1, 10:00am - okt 1, 3:00pm+6okt 2, 10:00am - okt 2, 3:00pmokt 3, 10:00am - okt 3, 3:00pmokt 4, 10:00am - okt 4, 3:00pmokt 5, 10:00am - okt 5, 3:00pmokt 6, 10:00am - okt 6, 3:00pmokt 7, 10:00am - okt 7, 3:00pm

Aktiv i Lom
Bøverdaleveien 14
Lom,  2687 Map

Ta turen til noregs høgstliggande klatrepark i haustferien, der den ligg på 1000 moh har den ei fantaskisk utsikt! Klatreparken vert open i veke 40, oppmøte kl 10.00 for å klatre. Kjem det ikkje nokon til kl 10 så vert ikkje parken open den dagen.

37 Interesserte
Haustferie Lom Aktivitetspark

Haustferie Lom Aktivitetspark

okt 2, 11:00am - okt 2, 3:00pm+2okt 4, 11:00am - okt 4, 3:00pmokt 6, 11:00am - okt 6, 3:00pm

Aktiv i Lom
Bøverdaleveien 14
Lom,  2687 Map

Me held ope aktivitetsparken nokre dagar i veke 40. Klatretårn, minigolf, pedalgokart og gyrotrampoline.

13 Interesserte
Haustferie i Prestfosstraversen

Haustferie i Prestfosstraversen

okt 2, 4:30pm - okt 2, 5:30pm+2okt 4, 4:30pm - okt 4, 5:30pmokt 6, 4:30pm - okt 6, 5:30pm

Aktiv i Lom
Bøverdaleveien 14
Lom,  2687 Map

Me held ope Prestfosstraversen nokre dagar i veke 40.

10 Interesserte
Hent meir

Informasjon om avbestilling

Aktiv i Lom har to (2) vekers avbestillingsfrist. Om du avbestiller turen du har bestilt eller meldt deg på seinare enn dette vil du verte fakturert 50% av prisen du opphaveleg skulle fakturerast. Dersom du avbestiller turen ei veke (7 dagar) i forkant av turen vil du verte fakturert for heile beløpet.

Dersom Aktiv i Lom lyt avlyse turen grunna sjukdom eller anna forfall hjå guide vil du ikkje verte fakturert. Aktiv i Lom kan avlyse turen grunna dårleg værmelding, flom eller andre særskilde værfenomen ( force majeure) utan at kunda får refundert fakturert beløp.

Aktiv i Lom tilbyr ikkje avbestillingsbeskytting, reise- eller ulykkesforsikring på våre arrangement. Me tilrår at den einskilde kunda teiknar eigen reise- og ulykkesforsikring.

Avbestilling skal vera skriftleg og sendast post@aktivilom.no

 

Her finn du oss:

Aktiv i Lom held til på fleire stadar i Lom og Bøverdalen.

Galdhøpiggen klatrepark ligg i Bøverdalen i Lom kommune, nærare bestemt på Raubergstulen oppunder Galdhøpiggen i Jotunheimen. Parken har ei makelaus plassering med utsikt over store delar av Bøverdalen. Du kan nyte utsikta over mange toppar over 2000 m.o.h Lom aktivitetspark ligg nærast midt i Lom sentrum; Fossbergom. Me er der næraste nabo med Sport 1 Lom. Me har godt med parkeringshøve, aktivitetar for born og vaksne i tillegg til alt vår nabo Sport 1 Lom kan tilbjo. Frå her er det kort gangavstand til resten av Lom sentrum. Prestfosstravesen ligg óg midt i Lom sentrum; attmed Norsk Fjellsenter. Odda skule i Bøverdalen er depoet vårt, her lagrar me alt utstyret vårt samt at me har kontoret vårt her. Me har ikkje bemanna opningstid her, du når oss på telefon eller epost.

Lom ligg ganske sentralt i sør-Noreg. Det tek omlag like lang tid å køyre hit om du kjem frå Oslo, Trondheim eller Bergen. Kjem du frå Oslo eller Trondheim fylgjer du E6 fram til Otta og tek der av og inn på Rv15 til Lom. Kjem du vestfrå køyrer du over Sognefjellet på Rv55 eller over Strynefjellsvegen Rv15 til du kjem til Lom. Frå Lom sentrum er det omlag 19 km til Galdesand. Her svingar du til venstre skilta mot Galdhøpiggen, Raubergstulen, Juvasshytta). Det er vidare omlag 5km til Raubergstulen og Galdhøpiggen klatrepark.