Firmatur

Lom og Jotunheimen har natur, opplevingar og overnattinga om du har ei firmagruppe som skal på tur, teambuilding eller feire ei fullført målsetjing!

Sidan oppstarten i 2008 har me årleg hatt fleire arrangement for firma og bedrifter som ynskjer eit skreddarsydd opplegg for si gruppe; både store og mindre fylgje. Aktivitetar som kan nyttast er til dømes tur til Galdhøpiggen, grottetur, Galdhøpiggen klatrepark, zip-line over Prestfossen, rafting, juving, Klimapark 2469 Mimisbrunnr, Norsk Fjellsenter osb. Både i sentrum og ute på fjellstovene har me eit stor utval av matopplevingar av høg kvalitet og sjølvsagt overnatting.

Me kan ordne alt frå transport, overnatting, aktivitet og måltid -  ta kontakt med oss på post@aktivilom.no og beskriv ynskjer og omfang - så syr me ihop eit opplegg for akkurat di gruppe!

Galdhøpiggen_Roffe_3
OVE_3487-Lr
klatrepark_slider_1