Firmatur – Gruppetur – Event

Vi har kvart år fleire event for bedrifter og grupper. Mange av desse er firmaturar i Lom og Jotunheimen, ofte med eit mål om å nå toppen av Galdhøpiggen, der opplevingar som god mat, flott natur og eit godt samhald i gruppa er i fokus.

Me kan lage opplegg med overnatting på hotell, hytter eller i lavvo. Lavvo er den mest populære overnattinga me har – her får de ei annleis oppleving enn det som er vanleg. Lavvocampen er godt tilrettelagd og vil tilby ei varm og intim oppleving!

Me har mange og varierte aktivitetar som me kan knyte opp i mot eit event eller ein firmatur. ViLom og Jotunheimen tilbjor eit utval av fjell, toppar av ulik grad av utfordring. Langt dei fleste av Norges 2000-meterstoppar finn de her. I tillegg til dette er området ein turistdestinasjon, noko som gjer at de ligg tilrette for eit stor utval av aktivitetar utanom fjellturar. Tur til Galdhøpiggen, ei runde i klatreparken og Prestfosstraversen er nokre av favorittane.

Lom er kjent for god mat. Me har gjennom dei siste åra hatt kokkar og bakarar som har utmerket seg. Her kan me nemne Arne Brimi, Kristoffer Hovland og Morten Schakenda. Desse har vore med og bidrege til eit positivt fokus på matkultur og matoppleving som ein destinasjon i seg sjølv. Me kan levere helt enkel mat til dei som ynskjer det, eller me kan leige inn ein framifrå kokk til å lage litt ekslusiv mat til oss i ein lavvo, eller ute i naturen.

Me kan skreddarsy til firmaet ditt, og opplegg etter dine ynskjer!

Atea på besøk i 2011


jcp_logo2
Print

Me har mellom anna hatt 1200 personer fra ATEA på overnatting i lavvo, middag og frokost, samt fest og sosialt opplegg på ei utescene i Lom. Samt tur til Galdhøpiggen, der det óg vart ein ny GUINNESS-rekord. Dette var eit stort opplegg med mykje ekstra rundt sjølve turen.

«JCP jobbet tett sammen med Aktiv i Lom under Landstreffet til Atea. Atea ønsket å sette verdensrekord ved å ta flest mulige av sine ansatte på toppen av Galdhøpiggen.

Hele 1300 ansatte fant veien til Lom. JCP var hovedansvarlig for prosjektet, men fikk veldig god hjelp av Aktiv i Lom som tilrettela alt fra bevertning, overnatting og selve oppstigningen i fjellet. Resultatet av arrangementet var at Atea satte verdensrekord med hele 972 ansatte på toppen på samme tid.

Vi kan anbefale Aktiv i Lom som samarbeidspartner da de er samarbeidsvillige, løsningsorienterte og yter en høy servicegrad, dette er egenskaper vi i JCP setter pris på og som vi vet vil være med på å øke kvaliteten på et arrangement.»

Videre referanse fra JCP, kontakt Lars Grorud, Lars.grorud@jcp.no +4798299904

Kirkestuen transport 2012

Ei helg i juni 2012 hadde me opplegg med Kirkestuen transport, som var omlag 50 personar. Her sette me opp to samanbygde lavvoar der me hadde opphaldsrom i eine delen og scene og dansegolv i den andre.

Ved ankomst vart det servert lunsj; burgerar som me steikte inne i lavvoen på ei stor Muurikkapanne. Etterpå hadde dei tilsette fagleg opplegg inne i lavvoen, medan me tok oss av medfylgjarane og hadde opplegg for desse. Seinare vart det servert middag inn ei lavvoen og kvelden vart avslutta med fest og livebandet Simple Men.

Takk til Kirkestuen Transport! For referanse kan ein kontakte Geir Inge Kirkestuen på tlf91678400.

kirkestuen_logo2010_liten
event i Lvvo

Spør etter forslag til di bedrift!

Her kjem eit døme på kva me kan tilby:

Gruppa vert henta med buss og vert frakta til Lom ein ettermiddag. Me sjekkar alle inn i anten hotell/hytter eller lavvoar og det vert servert enkel middag ute eller ein finare middag inne.

Dagen etter er det frukost inne eller ute, og deretter transport til ei oppleving eller ein aktivitet. Her er det mykje å velge blant; Galdhøpiggen, andre toppturer, klatrepark, grottevandring, fiskeguiding, brevandring, rafting, juving, ziplinekøyring, stisykling, farmenkamp o.l.

Attende frå tur vert det ein dusj medan ein ventar på at maten vert ferdig. Her kan me servere alt fra ein finere middag inne eller ute, til enkel servering inne eller ute. Så er tiden kommet for det faglige opplegget som dere selv må være med å påvirke, eller om vi tar en sosial aften med musikk og dans.

Dagen derpå tek vi ein ny frukost, kanskje under open himmel, for så å ha ein liten aktivitet eller oppleving før bussane kjem og tek dykk heim.