Galdhøpiggen

Galdhøpiggen, 2469 meter over havet, er Noreg og Nord-Europa sitt høgaste fjell. Me tilbjor guida turar til toppen, med start på Juvasshytta, 1840 m.o.h.Frå der går turen i lett terreng i omlag ein time opp til Styggebrean, der me organiserar oss i tauglag.
Frå her brukar me omlag ein time over Styggebrean før me får fast grunn under føtene att. Siste etappe går opp Piggeurdi, og dette er den tyngste delen av turen og det er her me tek dei fleste høgdemeterane. Totalt tek turen opp omlag 3 ½ time og ned omlag 2 ½ time.
Me har ikkje daglege turar til Galdhøpiggen, men tek gjerne turen om du ynskjer eigen guida tur for familien din eller ei anna gruppe.

Topptur til galdhøpigen er ein relativt enkel tur passar dei fleste, også born. De lyt pårekne omlag 45 min. køyring frå Lom sentrum til Juvasshytta med bil. Me gjer merksam om at dette er ein bomveg og bomavgifta vert betalt ved Raubergstulen p åveg opp. Her kan de nytte bankkort.

Me tek på oss guiding av små og store grupper, og me legg opp turen etter gruppa sine ynskjer og genrelle nivå. me fylgjer dykk og har fous på dykkar gruppe under heile turen!

Høyr med oss om pris – den avheng av gruppestorleiken.

Sjå også våre aktivitetspakkar med overnatting

Informasjon om avbestilling

 

Aktiv i Lom har to (2) vekers avbestillingsfrist. Om du avbestiller turen du har bestilt eller meldt deg på seinare enn dette vil du verte fakturert 50% av prisen du opphaveleg skulle fakturerast. Dersom du avbestiller turen ei veke (7 dagar) i forkant av turen vil du verte fakturert for heile beløpet.

Dersom Aktiv i Lom lyt avlyse turen grunna sjukdom eller anna forfall hjå guide vil du ikkje verte fakturert. Aktiv i Lom kan avlyse turen grunna dårleg værmelding, flom eller andre særskilde værfenomen ( force majeure) utan at kunda får refundert fakturert beløp.

Aktiv i Lom tilbyr ikkje avbestillingsbeskytting, reise- eller ulykkesforsikring på våre arrangement. Me tilrår at den einskilde kunda teiknar eigen reise- og ulykkesforsikring.

Avbestilling skal vera skriftleg og sendast post@aktivilom.no