Galdhøpiggen klatrepark

Galdhøpiggen klatrepark består av 8 løyper inkludert ei testløype og ei barneløype. Her er det traveser(zipline) og mange ulike utfordringar. Dette er ein flott aktivitet for heile familien. Her har du ulike utfordringar ope imellom trea i opp til 12 meters høgde. Parken eigner seg og godt for bedrifter, avsluttningar, utdrikkingslag eller andre grupper.

BARNELØYPA

Me har bygd ei ny barneløype nede i parken. Den er laga slik at vaksne personar kan fylgje borna i løypa eller gå attmed på bakken, og hjelpe borna dersom det vert behov for det. Barneløypa er laga slik at ein kan gå heile løypa fleire gonger, eller berre gå delar av den. Dette er noko ein kan gjere medan ein ventar på resten av turfylgjet som er i parken.

Parken har til saman 76 plattformer, og bør vekke «Tarzan» i dei fleste av oss. Grillplassen i bunnen av parken gjev moglegheit for matservering etter klatringen. (lyt avtalast i forkant)

EKSTREMLØYPA

Ekstremløypa utfordrar sjølv den erfarne klatreparkentusiast. Dette er ei relativt kort løype med høg intesitet,  der du får prøvd både psyke og balanse. Du vera over 160 cm lang for å kunne gje deg i kast med ekstremløypa.

Gje venner eller familien din ei skikkeleg utfordring og inviter dei med på ein tur til klatreparken! Me kan og lage ulike opplegg med teambuilding for bedrifter og organisasjoner. Kontakt oss på post@aktivilom.no eller ring oss på 61212799

OPNINGSTIDER

Laurdagar og sundagar frå 25. august til 23. september:
Oppmøte kl 10:00 (Du vera der kl. 10:00) grupper under 10 personar treng ikkje å booke.

Klatreparken stengjer heilt kl 17:00

Veke 40:

Måndag 1.10.18 til og med sundag 7.10.18: Oppmøte kl. 10:00. Dersom ingen oppmøtte kl. 10:00 vert ikkje parken opna denne dagen. Parken stengjer heilt kl. 15:00.

Grupper over 10 personer må avtale i forkant. Barn under 11 år må ha med foreldre/føresette.

For grupper er det ope heile året. Ring 61212799 eller send e-post post@aktivilom.no for bestilling.

PRISER

Over 140 kroppslengde340,-
Under 140 kropslengde 1250,-
Barn 4 – 7 år 2100,-
1 min. 110 kropslengde og min. 7 år.
2 under 110 kropslengde.

 

Nyhende!

Rabatt i Helgøya Klatrepark

Me har inngått eit samarbeid med Helgøya Klatrepark! Klatrar dykk i Galdhøpiggen Klatrepark får dykk 10 % rabatt i Helgøya Klatrepark innen 14 dager og omvendt. Ta vare på kvitteringa du får. Helgøya Klatrepark sine opningstider finn du her: http://www.helgoyaklatrepark.no/