Grottetur i Dumdalen

I løpet av nokre tusen eller millioner år løyser surt vatn opp marmor som vert vaska bort saman med porøse bergartar, medan dei harde består. Slik oppstår grotter. I Dumdalen, vest for Lom, fins ei rekkje slike fenomen, der dei fleste vart danna under istida for omlag 10 000 år sidan. Her får ein oppleve underlege bergformasjonar, stillheit og kraftig elvebrus om kvarandre.
Turen startar med korte avstander, store rom og ljos gjennom opninaer i fjellet. Etter kvart auker lengda, romkjensla vert redusert og det einaste ljoset me har er frå hovudlykta på hjelmane våre. Dumdalen er ein idyllisk dal med svært rikt planteliv som fylgje av den kalkrike grunnen. Så om nokon trivst best på overflata vil dei framleis ha ein flott tur.
Deltakarane køyrer eigen bil til Dumdalen (38 km fra Lom).
Oppmøtetid: 09:50

Pris: 790,- per person

Me har faste grotteturar måndagar, onsdagar og laurdagar frå 7.7. til 28.7.2018.

Må bookast før klokka 18.00 kvelden før.

Skulle oppsette dagar passe dårleg, ta kontakt med oss så skal me sjå kva me kan få til.
Oppmøtested: Kl 09:50 ved parkering ved inngangen til Dumdalen på venstre side vest for bru, omlag 500 meter vest for Bøverton som ligger på RV 55

Informasjon om avbestilling

 

Aktiv i Lom har to (2) vekers avbestillingsfrist. Om du avbestiller turen du har bestilt eller meldt deg på seinare enn dette vil du verte fakturert 50% av prisen du opphaveleg skulle fakturerast. Dersom du avbestiller turen ei veke (7 dagar) i forkant av turen vil du verte fakturert for heile beløpet.

Dersom Aktiv i Lom lyt avlyse turen grunna sjukdom eller anna forfall hjå guide vil du ikkje verte fakturert. Aktiv i Lom kan avlyse turen grunna dårleg værmelding, flom eller andre særskilde værfenomen ( force majeure) utan at kunda får refundert fakturert beløp.

Aktiv i Lom tilbyr ikkje avbestillingsbeskytting, reise- eller ulykkesforsikring på våre arrangement. Me tilrår at den einskilde kunda teiknar eigen reise- og ulykkesforsikring.

Avbestilling skal vera skriftleg og sendast post@aktivilom.no