Overnatting i lavvo

Ynskjer du overnatting i lavvo der alt er klart og tilrettelagt?

I vår lavvocamp på Raubergstulen har me ståande 4 lavvoer til overnatting, og ein opphalds/kjøkenlavvo.
I overnattingslavvoane er det plass til 10-12 personer i kvar lavvo. Inne i lavvoane er det lagt golv som er dekka med reinsskinn.
I opphalds/kjøkenlavvoen er det plass til ca 50 personer. Her er det bord og benker, ljos og litt kjøkenutstyr. Me ordnar med drikkevatn og det er gassbluss til oppvarming av vatn.
Me har óg ståande bålpanne og ved i campen.

Dersom ynskjeleg er det mogleg å leie sovepose og liggjeunderlag, dette kjem i tillegg til prisen for overnattinga.

Ynskjer du ei flott oppleving i lavvo med flott utsikt er dette staden!

Pris:
Voksne kr 350,- pr.person pr.natt
Barn under 15 år kr 200,- pr.person pr.natt
Ta kontakt på e-post: post@aktivilom.no

lavvocamp formiddagsstemning_1 juni Til topps overnatting

lavvocamp formiddagsstemning_2 juni