
Randoneekurs

Introkurs; rando - og skred
15. til 17. februar køyrer me introkurs; rando- og skred!
Høver for deg som ynskjer å lære meir om skred og vegval. Kurset startar fredag kveld med noko innførande teori, etterfylgd av to dagar i felten. Finn me rom til det legg me inn ein teori-del laurdag kveld og.
Me har plass til 6 deltakarar, minimum 4 påmelde for at kurset skal gå. Pris: 2900,- pr. person.
Overnatting er ikkje inkludert i prisen. Om ynskjeleg bistår me gjerne for å skaffe overnatting!
Påmelding til post@aktivilom.no innan 8.februar