
Skuletur
Lom og Jotunheimen er eit framifrå utgangspunkt for ei spanade og lærerik skuleveke!
Me har i mange år sydd i hop turpakkar til skuleklassar som planlegg tur. Me tilpassar opplegget etter elevane sin alder og meistringsnivå.
Vanlegvis er både tur til Galdhøpiggen, rafting, Galdhøpiggen Klatrepark, zip-line og grottetur på programmet - i tillegg til besøk på Norsk Fjellsenter, Klimapark 2469 Mimisbrunnr, Lom stavkyrkje eller Fossheim Steinsenter.
Me er opptekne av at guidane tek med informasjon om til dømes landskapsforminga og plante- og dyrelivet kring oss når me er på tur med skuleklassar. Her er det mykje å lære; i verdas finaste klasserom! Slik sett kan ein sikre at pedagogisk innhald vert ivareteke samstundes som elevane får utfordra seg både motorisk og i høve grensar for kva dei tørr.
Om ynskjeleg kan me ordne alt frå transport og overnatting til sjølve aktivitetane på dagtid. Ta kontakt med oss på post@aktivilom.no så ser me kva me kan leggje opp til i lag!



