Vårskisesongen ligg framfor oss - og me vonar at me skal få mange fine turar i fjellet i lag med dykk i 2021!

Grunna at det framleis er stort smittepress i samfunnet vårt generelt tek me atterhald om at nasjonale restriksjonar tillet at våre planlagde turar let seg gjennomføre.

Me rettar oss difor etter fylgjande:
- all aktivitet og kommunikasjon i samband med turen føregår utandørs
- maks. 6 deltakarar, gjerne ei gruppe som elles omgåast
- minimum 2 meter avstand mellom deltakarane gjennom heile turen
- ved symptom på luftvegssjukdom eller mistanke smitte hjå nærpersonar, pålagd karantene eller isolasjon skal du ikkje møte opp til turen.

Me tilbyr toppskiturar i Jotunheimen frå mars og så lengje føret held!
Jotunheimen er eit fantastisk område å oppleve på ski om vinteren. Skisesongen her varer nesten heile året, om ein vil. Me legg opp til ein del fastsette turar i påska 2020 med utgangspunkt frå Sognefjellshytta. Etter påske og ut mai, som kanskje er den finaste tida for å ferdast i høgfjellet på ski, har me igjen fastsette turar, både med utgangspunkt frå Krossbu og evt. frå andre stadar. Ein tur med våre erfarne fjellførarar på topptur i storslagjen natur kan du trygt føre opp på bucketlista di!
Sjå gjerne facebooksida vår for nærare informasjon om dei einskilde, fastsette turane. De vil der finne informasjon om datoar, turmål, pris og oppmøtetider.
Me kan óg arrangere skiturar eller toppturar utanom dei fastsette, både vinter og vår.

Topptur jotunheimen

Turmål påska 2021:

Med utgangspunkt frå Sognefjellshytta tek me dagleg turen til topps i nærområdet; her er det berre å velje! Guiden samlar deltakarne kvelden i førvegen i peisstova og informerar om turen dagen etter. Vegen til Sognefjellshytta er ikkje open i påska, så ver tidleg ute med rombestilling om du ynskjer å ta turen hit!
Sundag 28.mars:Store Smørstabtind 2208 moh.
Måndag 29.mars: Veslbreatinden 2092 moh.
Tysdag 30.mars: Kalven 2034 moh.
Onsdag 31.april: Veslebjørn 2150 moh.
Torsdag 1.april: Storebjørn 2222 moh.
Fredag 2.april: Veslfjelltinden 2157 moh.
Laurdag 3.april: Kniven 2077 moh.
Sundag 4.april: Bakarste Skagsnebb 2039 moh.
Kunnskap- og ferdigheitsnivå: Middels
For turane til Kniven bør kunnskaps- og ferdigheitsnivået vera godt/godt+
avbestillingsvilkår finn dykk på nettsida vår.
Corona restriksjonar som gjeld på det aktuelle tidspunkt vil verte fylgd.
Prisar:
1 tur: 1300,-
2 turar: 1200,- per tur
3 turar 1100,- per tur

Turane eignar seg både for fjellski og randonne! Me tek atterhald om at vêr- og føreforhald kan gjere det naudsynt å endre turmål.

Kunnskapsnivå: middels

For turane til høvesvis Kniven bør kunnskap- og ferdigheitsnivå vera godt/godt +

 

For deltaking på turar med oss i Påska 2021 bør ein bestille overnatting på Sognefjellshytta i god tid. Dette fordi vegen dit ikkje opnar før omlag 1.mai og ein lyt difor rekne med minimum ei overnatting der.

Påmelding til post@aktivilom.no
Overnatting lyt bestillast separat hjå overnattingsstaden.

 

Toppturar våren 2021

Me legg opp til 2 helger med toppsamling, der laurdag vert samlardagen, men me legg opp til 1 topptur sundag og for dei som ynskjer det.
10. april Tverrbottindane, her reknar me med 3-4 toppar.
11. april Veslbreatinden
17. april Hestbreapiggane, her reknar me med opp til 7-8 toppar, dette er ein lang dag og ein må væra i god form. Denne turen er fjellskitur.
18. april kan me leggja opp til tur om nokon ynskjer.
Max. 6 personar pr tur
Dag 1 1600 pr pers,
Dag 2 1200 pr pers
Gjeldande smittevernsreglar vil til kvar tid verte fylgd.
Overnatting ordnast av kvar enkelt.
Påmelding og spørsmål kan rettast til post@aktivilom.no

 

Galdhøpiggen

På ski over Styggebrean med Galdhøpiggen som mål er du undervegs til ei spesiell oppleving. Om du har vore her på sumarstid veit du at både vegen opp og sjølve toppen må du dele med andre. På skitur om vinteren er dykk eit lite fylgje, det kvite landskapet kjennes mektig og upløyd – det ligg ei stille over fjellheimen som du ikkje finn i den travlaste turistsesongen. Nedkøyringa kronar dagen – me anbefalar de som ikkje har opplevd Norges tak med ski på føtene å prøve dette i 2021!

Jotunheimen byr på eit utal turmål for vinter- og vårskiturar. Ta kontakt med oss så hjelp me deg til å leggje opp din tur!

Send førespurnad om du ynskjer guida skitur til Noregs tak!

Bekledning og utstyrsliste

Sjå til at ski, sko, stavar og bindingar er i orden og at alt fungerar som det skal. Om du brukar feller så sjå til at desse passar og heng tilstrekkjeleg fast.

Tryggleiksutstyr

  • Sendar/Mottakar
  • Søkestang
  • Spade
  • Hjelm

Andre ting som er kjekt å ha

  • Kamera
  • Sjokolade

Bekledning for full vinter (sjølv ved god værmelding)

  • Skaljakke/Bukse
  • Ullundertøy på kroppen + ekstra i sekken
  • Dunjakke/primaloftjakke eller anna varmt plagg
  • Hansker/votter til å gå med og et par varme i sekken minimum
  • Lue
  • Buff/hals
  • Eit ekstra par sokkar
  • Solbriller og solkrem (uansett vær)
  • Nok mat og drikke til heile turen +litt ekstra
  • Skismurning og/eller feller
  • Skibriller

Overnatting

Etter ein dag med utfalding og aktivitetar er det tid for god, heimlaga mat og kvile. Det å la dagens naturopplevingar få synke dypt inn framfor eit gneistrande peisbål er ei oppleving i seg sjølv.

Me samarbeider og med andre overnattingsbedrifter i området – har du særlege ynskjer vedrørande overnatting hjelp me deg gjerne med å bestille.

Prisar

Fastsette turar: 1300,- pr. pers
Andre turar: Pris ved førespurnad

Informasjon om avbestilling

 

Aktiv i Lom har to (2) vekers avbestillingsfrist. Om du avbestiller turen du har bestilt eller meldt deg på seinare enn dette vil du verte fakturert 50% av prisen du opphaveleg skulle fakturerast. Dersom du avbestiller turen ei veke (7 dagar) i forkant av turen vil du verte fakturert for heile beløpet.

Dersom Aktiv i Lom lyt avlyse turen grunna sjukdom eller anna forfall hjå guide vil du ikkje verte fakturert. Aktiv i Lom kan avlyse turen grunna dårleg værmelding, flom eller andre særskilde værfenomen ( force majeure) utan at kunda får refundert fakturert beløp.

Aktiv i Lom tilbyr ikkje avbestillingsbeskytting, reise- eller ulykkesforsikring på våre arrangement. Me tilrår at den einskilde kunda teiknar eigen reise- og ulykkesforsikring.

Avbestilling skal vera skriftleg og sendast post@aktivilom.no