Lom aktivitetspark

Lom aktivitetspark ligger midt i Lom sentrum ved siden av Sport 1 Lom og Brimibue. Her er det mange aktiviteter for barn og unge. I aktivitetsparken har vi klatretårn, gyrotrampoline og 9-hulls minigolfbane

Galdhøpiggen klatrepark

  Galdhøpiggen klatrepark består av 8 løyper inkludert ei testløype og ei barneløype. Her er det traveser(zipline) og mange ulike utfordringar. Dette er ein flott aktivitet for heile familien. Her har du ulike utfordringar ope imellom trea i opp til 12 meters høgde. Parken eigner seg og godt for bedrifter, avsluttningar, utdrikkingslag eller andre grupper.…

Dag kjører Prestfosstraversen

Prestfosstraversen

Under brua i Lom sentrum har vi spent opp en tyrolertravers som me har døypt Prestfosstraversen, sidan den går utover Prestfossen i elva Bøvra. Ziplinen er ei spektakulær oppleving, med ein foss som spruter kastar vatn opp mot deg og ei elv som bølgjer seg like under beina dine. Ein tur nedover Prestfossen er ei oppleving; nær alle kliv i land på Nordalsberget med ei intens meistringskjensle og eit breidt smil i andletet!

Topptur i Jotunheimen – vinter og vårskiturar

Vårskisesongen ligg framfor oss – og me vonar at me skal få mange fine turar i fjellet i lag med dykk i 2021! Grunna at det framleis er stort smittepress i samfunnet vårt generelt tek me atterhald om at nasjonale restriksjonar tillet at våre planlagde turar let seg gjennomføre. Me rettar oss difor etter fylgjande:…

Randoneekurs

Helgene 6. – 7.mars og 13. – 14. mars køyrer me introkurs randonee. Me tek atterhald om at smittesituasjonen i Noreg på det tidspunktet tillet dette. Helgene høver for deg som ynskjer å lære om skiteknikk, vegval og me skal og litt innom skred. Me har plass til 6 deltakarar kvar helg, minimum 4 påmelde…

Jotunheimen Panorama

Kjøp gåvekort her Nesten svevande over vakre Bøverdalen ligg Hugin og Munin, to Artic Domes, like under Juvassplatået og ventar på deg som ynskjer eit overnattingstilbod som har det vesle ekstra. Me ynskjer at du som overnattar hjå oss skal sitje att med eit minne om å ha vore nær den mektige naturen kring deg;…

Skuletur

Lom og Jotunheimen er eit framifrå utgangspunkt for ei spanade og lærerik skuleveke! Me har i mange år sydd i hop turpakkar til skuleklassar som planlegg tur. Me tilpassar opplegget etter elevane sin alder og meistringsnivå. Vanlegvis er både tur til Galdhøpiggen, rafting, Galdhøpiggen Klatrepark, zip-line og grottetur på programmet – i tillegg til besøk…

Galdhøpiggen

Galdhøpiggen, 2469 meter over havet, er Noreg og Nord-Europa sitt høgaste fjell. Me tilbjor guida turar til toppen, med start på Juvasshytta, 1840 m.o.h.Frå der går turen i lett terreng i omlag ein time opp til Styggebrean, der me organiserar oss i tauglag. Frå her brukar me omlag ein time over Styggebrean før me får…

Brevandring i Jotunheimen

Ein dag på blåisen på Bøverbreen kan vera eit minne for livet. Brevandring i Jotunheimen treng ikkje vera ein slitsam tur, for her kan vi leggje opp turen etter gjesten sitt nivå. Heile poenget med brevandring i blåisen er å oppleve noko, ikkje å koma lengst mogleg på kortast mogleg tid. Om du ynskjer å…

Grottetur i Dumdalen

I løpet av nokre tusen eller millioner år løyser surt vatn opp marmor som vert vaska bort saman med porøse bergartar, medan dei harde består. Slik oppstår grotter. I Dumdalen, vest for Lom, fins ei rekkje slike fenomen, der dei fleste vart danna under istida for omlag 10 000 år sidan. Her får ein oppleve…

Firmatur

Lom og Jotunheimen har natur, opplevingar og overnattinga om du har ei firmagruppe som skal på tur, teambuilding eller feire ei fullført målsetjing! Sidan oppstarten i 2008 har me årleg hatt fleire arrangement for firma og bedrifter som ynskjer eit skreddarsydd opplegg for si gruppe; både store og mindre fylgje. Aktivitetar som kan nyttast er…

Kajakk- og kanoutleige

Kunne du tenkt deg en tur i kajakk eller kano med flott natur på alle kantar? Me har kajakk- og kanoutleie!   I Lom og Jotunheimen er det mange flotte vatn for ein hyggelig padletur. Farkostane er plassert ved Skim, elva som renner forbi Lom fra Skjåk mot Otta. De treng difor ikkje frakte kajakken eller…

Fjellturar i Jotunheimen

På fjellturar i Jotunheimen og Lom har du tilgjenge til dei høgaste toppane i Noreg. Langt dei fleste toppane over 2000 m.o.h. ligg i Jotunheimen, og dei fleste av dei er flotte turmål, av varierande vanskelegheitsgrad. Ein fjelltur her kan vera ein kjapp ettermiddagstur på 2- 3 timar opp i over 2000 meters høgde, som…

Firmatur – Gruppetur – Event

Vi har kvart år fleire event for bedrifter og grupper. Mange av desse er firmaturar i Lom og Jotunheimen, ofte med eit mål om å nå toppen av Galdhøpiggen, der opplevingar som god mat, flott natur og eit godt samhald i gruppa er i fokus. Me kan lage opplegg med overnatting på hotell, hytter eller…

Overnattingsstadar i Lom

Nasjonalparklandsbyen Lom har eit rikt utval av overnattingstadar; frå camping til hotell og nær sagt alt i mellom. Ynskjer du å vera nær sentrum og dei fasilitetane som fylgjer av det kan du velje mellom både camping, hytter, motell og hotell. Lenger frå sentrum og nærare fjell- og turmål finst eit stort utval av overnattingsstadar…

Comments Box SVG iconsUsed for the like, share, comment, and reaction icons
Introhelg randonee

Introhelg randonee

mar 6, 9:00am - mar 6, 5:00pm+3mar 7, 9:00am - mar 7, 5:00pmmar 13, 9:00am - mar 13, 5:00pmmar 14, 9:00am - mar 14, 5:00pm

Aktiv i LomBøverdaleveien 14Lom,2687 Map

6.-7. og 13.-14. mars 2021 vil me arrangere introdagar for randonee. Dagane er skreddarsydde for dykk som ynskjer å lære meir om gå- teknikk, vegval og litt om skred. Har du ikkje utstyr så kan me bistå så dykk får leigd dette. Maks 6 deltakarar og gjeldande corona reglar vil til kvar tid verte fylgd. Pris er 2900 pr pers. Overnatting ordnast av kvar enkelt.
Påmelding og spørsmål kan rettast til post@aktivilom.no

36 Interesserte
Toppturar påska 2021

Toppturar påska 2021

mar 28, 12:00am - mar 29, 12:00am+7mar 29, 12:00am - mar 30, 12:00ammar 30, 12:00am - mar 31, 12:00ammar 31, 12:00am - apr 1, 12:00amapr 1, 12:00am - apr 2, 12:00amapr 2, 12:00am - apr 3, 12:00amapr 3, 12:00am - apr 4, 12:00amapr 4, 12:00am - apr 5, 12:00am

SognefjellshyttaSognefjellsvegen 4974, BøverdalenLom,2686 Map

Med utgangspunkt frå Sognefjellshytta tek me dagleg turen til topps i nærområdet; her er det berre å velje! Guiden samlar deltakarne kvelden i førvegen i peisstova og informerar om turen dagen etter. Vegen til Sognefjellshytta er ikkje open i påska, så ver tidleg ute med rombestilling om du ynskjer å ta turen hit!

Sundag 28.mars Store Smørstabtind 2208 moh.
Måndag 29.mars: Veslbreatinden 2092 moh.
Tysdag 30.mars: Kalven 2034 moh.
Onsdag 31.mars: Veslebjørn 2150 moh.
Torsdag 1.april: Storebjørn 2222 moh.
Fredag 2.april: Veslfjelltinden 2157 moh.
Laurdag 3.april: Kniven 2077 moh.
Sundag 4.april: Bakarste Skagsnebb 2039 moh.

Kunnskap- og ferdigheitsnivå: Middels
For turane til Kniven bør kunnskaps- og ferdigheitsnivået vera godt/godt+

avbestillingsvilkår finn dykk på nettsida vår.
Corona restriksjonar som gjeld på det aktuele tidspunkt vil verta fylgt.

Prisar:
1 tur: 1300,-
2 turar: 1200,- per tur
3 turar 1100,- per tur

Påmelding til post@aktivilom.no
Overnatting lyt bestillast separat.

18 Interesserte
Toppsamlar helgar

Toppsamlar helgar

apr 10, 9:00am - apr 10, 5:00pm+2apr 11, 9:00am - apr 11, 5:00pmapr 17, 9:00am - apr 17, 5:00pm

Aktiv i LomBøverdaleveien 14Lom,2687 Map

Me legg opp til 2 helger med toppsamling, der laurdag vert samlardagen, men me legg opp til 1 topptur søndag og for dei som ynsjer det.
10. april Tverrbottindane, her reknar me med 3-4 toppar.
11. april Veslbreatinden
17. april Hestbreapiggane, her reknar me med opp til 7-8 toppar, dette er ein lang dag og ein må væra i god form. Denne turen er fjellskitur.
18. april kan me leggja opp til tur om nokon ynskjer.

Max. 6 personar pr tur
Dag 1 1600 pr pers,
Dag 2 1200 pr pers

Gjeldande smittevernsreglar vil til kvar tid verte fylgd.
Overnatting ordnast av kvar enkelt.
Påmelding og spørsmål kan rettast til post@aktivilom.no

48 Interesserte
Vårskiturar 2021

Vårskiturar 2021

mai 1, 9:00am - mai 1, 4:00pm+5mai 2, 9:00am - mai 2, 4:00pmmai 8, 9:00am - mai 8, 4:00pmmai 9, 9:00am - mai 9, 4:00pmmai 15, 9:00am - mai 15, 4:00pmmai 16, 9:00am - mai 16, 4:00pm

Aktiv i LomBøverdaleveien 14Lom,2687 Map

Vårskisesongen fortsett utover juni så lengje me har skiføre, ein unik moglegheit i år!

Vårskisesongen vart ikkje som planlagd -men om me tek dei førehandreglane som er lagde per dags dato let det seg gjere å få fine dagar i Jotunheimen i mai!
Me rettar oss difor etter fylgjande:
- all aktivitet og kommunikasjon i samband med turen føregår utandørs.
- Maks 6 deltakarar og gjeldande corona reglar vil til kvar tid verte fylgd. Overnatting ordnast av kvar enkelt.
Påmelding og spørsmål kan rettast til post@aktivilom.no

1.mai Veslebjørn 2150 moh.
2.mai Kalven 2034 moh.
8.mai Storebjørn 2222 moh.
9.mai Kalven 2034 moh
15.mai Veslebjørn 2150 moh
16.mai Store Smørstabbtind 2208 moh.
.



Dei fleste av turane eignar seg både for fjellski- og randoneé-ski - er du usikker så spør oss!
Kunnskapsnivå: Middels

Om nokon ynsjer turar på andre datoar så berre ta kontakt.


Pris:
1300,- for 1 tur
1200,- for 2. turen
1100,- for 3. turen

Minimum 2 påmeldte per tur for at turen skal verte gjennomført.

Påmelding til post@aktivilom.no

Me tek atterhald om at vêr- og føreforhald kan gjere det naudsynt å endre turmål.

18 Interesserte
Bretur på Bøverbrean - påmeldingsturar

Bretur på Bøverbrean - påmeldingsturar

jul 2, 9:40am - jul 2, 3:40pm+21jul 3, 9:40am - jul 3, 3:40pmjul 5, 9:40am - jul 5, 3:40pmjul 7, 9:40am - jul 7, 3:40pmjul 9, 9:40am - jul 9, 3:40pmjul 10, 9:40am - jul 10, 3:40pmjul 12, 9:40am - jul 12, 3:40pmjul 14, 9:40am - jul 14, 3:40pmjul 16, 9:40am - jul 16, 3:40pmjul 17, 9:40am - jul 17, 3:40pmjul 19, 9:40am - jul 19, 3:40pmjul 21, 9:40am - jul 21, 3:40pmjul 23, 9:40am - jul 23, 3:40pmjul 24, 9:40am - jul 24, 3:40pmjul 26, 9:40am - jul 26, 3:40pmjul 28, 9:40am - jul 28, 3:40pmjul 30, 9:40am - jul 30, 3:40pmjul 31, 9:40am - jul 31, 3:40pmaug 2, 9:40am - aug 2, 3:40pmaug 4, 9:40am - aug 4, 3:40pmaug 6, 9:40am - aug 6, 3:40pmaug 7, 9:40am - aug 7, 3:40pm

Krossbu

Som tidlegare år har me gruppeturar til Bøverbrean opne for påmelding!
Ein dag på blåisen i Jotunheimen kan verte eit minne for livet - ei heilt særeigen oppleving! Frå oppmøtestaden ved Krossbu tek anmarsjen mot brekanten omlag 1-1,5 time - totalt reknar me omlag 5-6 timar før me er attende ved Krossbu.

Turen høver for langt dei fleste; alminneleg god form og minimum 10 år. For familiar med yngre born enn 10 år ber me om at dykk tek kontakt - så kan det tilpassast eigen tur.
Hunden lyt du diverre setje att heime - den får ikkje vera med på brean.

Fastsette turdagar er måndag, onsdag, fredag og laurdag frå 2.7.2020 til 7.8.2020.
Pris: kr. 990,- per person, inkludert stegjern, hjelm, sele og isøks.

Oppmøte er på parkeringplassen på nedsida av Krossbu kl. 09:40
Påmelding må skje på epost til post@aktivilom.no seinast innan kl. 18:00 kvelden i førevegen. Fyrst til mølla - begrensa plassar tilgjengeleg.

Gjeldande korona reglar vil verta fylgd til kvar tid.

13 Interesserte
Hent meir

Informasjon om avbestilling

Aktiv i Lom har to (2) vekers avbestillingsfrist. Om du avbestiller turen du har bestilt eller meldt deg på seinare enn dette vil du verte fakturert 50% av prisen du opphaveleg skulle fakturerast. Dersom du avbestiller turen ei veke (7 dagar) i forkant av turen vil du verte fakturert for heile beløpet.

Dersom Aktiv i Lom lyt avlyse turen grunna sjukdom eller anna forfall hjå guide vil du ikkje verte fakturert. Aktiv i Lom kan avlyse turen grunna dårleg værmelding, flom eller andre særskilde værfenomen ( force majeure) utan at kunda får refundert fakturert beløp.

Aktiv i Lom tilbyr ikkje avbestillingsbeskytting, reise- eller ulykkesforsikring på våre arrangement. Me tilrår at den einskilde kunda teiknar eigen reise- og ulykkesforsikring.

Avbestilling skal vera skriftleg og sendast post@aktivilom.no

 

Her finn du oss:

Aktiv i Lom held til på fleire stadar i Lom og Bøverdalen.

Galdhøpiggen klatrepark ligg i Bøverdalen i Lom kommune, nærare bestemt på Raubergstulen oppunder Galdhøpiggen i Jotunheimen. Parken har ei makelaus plassering med utsikt over store delar av Bøverdalen. Du kan nyte utsikta over mange toppar over 2000 m.o.h Lom aktivitetspark ligg nærast midt i Lom sentrum; Fossbergom. Me er der næraste nabo med Sport 1 Lom. Me har godt med parkeringshøve, aktivitetar for born og vaksne i tillegg til alt vår nabo Sport 1 Lom kan tilbjo. Frå her er det kort gangavstand til resten av Lom sentrum. Prestfosstravesen ligg óg midt i Lom sentrum; attmed Norsk Fjellsenter. Odda skule i Bøverdalen er depoet vårt, her lagrar me alt utstyret vårt samt at me har kontoret vårt her. Me har ikkje bemanna opningstid her, du når oss på telefon eller epost.

Lom ligg ganske sentralt i sør-Noreg. Det tek omlag like lang tid å køyre hit om du kjem frå Oslo, Trondheim eller Bergen. Kjem du frå Oslo eller Trondheim fylgjer du E6 fram til Otta og tek der av og inn på Rv15 til Lom. Kjem du vestfrå køyrer du over Sognefjellet på Rv55 eller over Strynefjellsvegen Rv15 til du kjem til Lom. Frå Lom sentrum er det omlag 19 km til Galdesand. Her svingar du til venstre skilta mot Galdhøpiggen, Raubergstulen, Juvasshytta). Det er vidare omlag 5km til Raubergstulen og Galdhøpiggen klatrepark.