Aktivitetar

Galdhøpiggen klatrepark

Galdhøpiggen klatrepark består av 8 løyper inkludert ei testløype og ei barneløype. Her er det traveser(zipline) og mange ulike utfordringar. Dette er ein flott aktivitet for heile familien. Her har du ulike utfordringar ope imellom trea i opp til 12 meters høgde. Parken eigner seg og godt for bedrifter, avsluttningar, utdrikkingslag eller andre grupper. BARNELØYPA…

Dag kjører Prestfosstraversen

Prestfosstraversen

Under brua i Lom sentrum har vi spent opp en tyrolertravers som me har døypt Prestfosstraversen, sidan den går utover Prestfossen i elva Bøvra. Ziplinen er ei spektakulær oppleving, med ein foss som spruter kastar vatn opp mot deg og ei elv som bølgjer seg like under beina dine. Ein tur nedover Prestfossen er ei oppleving; nær alle kliv i land på Nordalsberget med ei intens meistringskjensle og eit breidt smil i andletet!

Lom aktivitetspark

Lom aktivitetspark ligger midt i Lom sentrum ved siden av Sport 1 Lom og Brimibue. Her er det mange aktiviteter for barn og unge. I aktivitetsparken har vi klatretårn, gyrotrampoline og 9-hulls minigolfbane

Brevandring i Jotunheimen

Ein dag på blåisen på Bøverbreen kan vera eit minne for livet. Brevandring i Jotunheimen treng ikkje vera ein slitsam tur, for her kan vi leggje opp turen etter gjesten sitt nivå. Heile poenget med brevandring i blåisen er å oppleve noko, ikkje å koma lengst mogleg på kortast mogleg tid. Om du ynskjer å…

Topptur i Jotunheimen – vinter og vårskiturar

! Vårskisesongen vart ikkje som planlagd -men om me tek dei førehandreglane som er lagde per dags dato let det seg gjere å få fine dagar i Jotunheimen i mai! Me rettar oss difor etter fylgjande: – all aktivitet og kommunikasjon i samband med turen føregår utandørs – maks. 4 deltakarar, gjerne ei gruppe som…

Grottetur i Dumdalen

I løpet av nokre tusen eller millioner år løyser surt vatn opp marmor som vert vaska bort saman med porøse bergartar, medan dei harde består. Slik oppstår grotter. I Dumdalen, vest for Lom, fins ei rekkje slike fenomen, der dei fleste vart danna under istida for omlag 10 000 år sidan. Her får ein oppleve…

Jotunheimen Panorama

Nesten svevande over vakre Bøverdalen ligg Hugin og Munin, to Artic Domes, like under Juvassplatået og ventar på deg som ynskjer eit overnattingstilbod som har det vesle ekstra. Kvar morgon, når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei flyg både over Åsgard og Midgard. Dei legg merkje til det som skjer og…

Randoneekurs

Introkurs; rando – og skred 15. til 17. februar køyrer me introkurs; rando- og skred! Høver for deg som ynskjer å lære meir om skred og vegval. Kurset startar fredag kveld med noko innførande teori, etterfylgd av to dagar i felten. Finn me rom til det legg me inn ein teori-del laurdag kveld og. Me…

Skuletur

Lom og Jotunheimen er eit framifrå utgangspunkt for ei spanade og lærerik skuleveke! Me har i mange år sydd i hop turpakkar til skuleklassar som planlegg tur. Me tilpassar opplegget etter elevane sin alder og meistringsnivå. Vanlegvis er både tur til Galdhøpiggen, rafting, Galdhøpiggen Klatrepark, zip-line og grottetur på programmet – i tillegg til besøk…

Firmatur

Lom og Jotunheimen har natur, opplevingar og overnattinga om du har ei firmagruppe som skal på tur, teambuilding eller feire ei fullført målsetjing! Sidan oppstarten i 2008 har me årleg hatt fleire arrangement for firma og bedrifter som ynskjer eit skreddarsydd opplegg for si gruppe; både store og mindre fylgje. Aktivitetar som kan nyttast er…

Galdhøpiggen

Galdhøpiggen, 2469 meter over havet, er Noreg og Nord-Europa sitt høgaste fjell. Me tilbjor guida turar til toppen, med start på Juvasshytta, 1840 m.o.h.Frå der går turen i lett terreng i omlag ein time opp til Styggebrean, der me organiserar oss i tauglag. Frå her brukar me omlag ein time over Styggebrean før me får…

Kajakk- og kanoutleige

Kunne du tenkt deg en tur i kajakk eller kano med flott natur på alle kantar? Me har kajakk- og kanoutleie!   I Lom og Jotunheimen er det mange flotte vatn for ein hyggelig padletur. Farkostane er plassert ved Skim, elva som renner forbi Lom fra Skjåk mot Otta. De treng difor ikkje frakte kajakken eller…

Fjellturar i Jotunheimen

På fjellturar i Jotunheimen og Lom har du tilgjenge til dei høgaste toppane i Noreg. Langt dei fleste toppane over 2000 m.o.h. ligg i Jotunheimen, og dei fleste av dei er flotte turmål, av varierande vanskelegheitsgrad. Ein fjelltur her kan vera ein kjapp ettermiddagstur på 2- 3 timar opp i over 2000 meters høgde, som…

Firmatur – Gruppetur – Event

Vi har kvart år fleire event for bedrifter og grupper. Mange av desse er firmaturar i Lom og Jotunheimen, ofte med eit mål om å nå toppen av Galdhøpiggen, der opplevingar som god mat, flott natur og eit godt samhald i gruppa er i fokus. Me kan lage opplegg med overnatting på hotell, hytter eller…

Overnattingsstadar i Lom

Nasjonalparklandsbyen Lom har eit rikt utval av overnattingstadar; frå camping til hotell og nær sagt alt i mellom. Ynskjer du å vera nær sentrum og dei fasilitetane som fylgjer av det kan du velje mellom både camping, hytter, motell og hotell. Lenger frå sentrum og nærare fjell- og turmål finst eit stort utval av overnattingsstadar…

Comments Box SVG iconsUsed for the like, share, comment, and reaction icons
Vårskiturar 2020

Vårskiturar 2020

jun 6, 9:00am - jun 6, 4:00pm+3jun 7, 9:00am - jun 7, 4:00pmjun 13, 9:00am - jun 13, 4:00pmjun 14, 9:00am - jun 14, 4:00pm

Aktiv i LomBøverdaleveien 14Lom,2687 Map Vårskisesongen...

Vårskisesongen fortsett utover juni så lengje me har skiføre, ein unik moglegheit i år!

Vårskisesongen vart ikkje som planlagd -men om me tek dei førehandreglane som er lagde per dags dato let det seg gjere å få fine dagar i Jotunheimen i mai!
Me rettar oss difor etter fylgjande:
- all aktivitet og kommunikasjon i samband med turen føregår utandørs
- maks.6 deltakarar, gjerne ei gruppe som elles omggåast
- minimum 1 meter avstand mellom deltakarane gjennom heile turen
- ved symptom på luftvegssjukdom eller mistanke smitte hjå nærpersonar, pålagd karantene eller isolasjon skal du ikkje møte opp til turen.

1.mai Kniven 2077 moh.
2.mai Sokse 2189 moh.
3.mai Kalven 2034 moh.
8.mai Veslebjørn 2150 moh.
9.mai Veslbreatind 2092 moh.
10.mai Store Smørstabbtind 2208 moh.
16.mai Kniven 2077 moh.
17.mai Store Smørstabbtind 2208 moh.
22.mai Sokse 2189 moh.
23.mai Kalven 2034 moh.
24.mai Veslebjørn 2150 moh.
30.mai Storebjørn 2222 moh.
31.mai Veslebjørn2150 moh.
6. juni Veslebjørn 2150 moh
7. juni Store Smørstabtind 2208 moh
13 juni Kalven 2034 moh
14 juni Veslebjørn 2150 moh


Dei fleste av turane eignar seg både for fjellski- og randoneé-ski - er du usikker så spør oss!
Kunnskapsnivå: Middels
For turane til høvesvis Kniven og Sokse bør kunnskap- og ferdigheitsnivå vera godt/godt +

Pris:
1300,- for 1 tur
1200,- for 2. turen
1100,- for 3. turen

Minimum 2 påmeldte per tur for at turen skal verte gjennomført.

Påmelding til post@aktivilom.no

Me tek atterhald om at vêr- og føreforhald kan gjere det naudsynt å endre turmål.

325 Interesserte
Bretur på Bøverbrean - påmeldingsturar

Bretur på Bøverbrean - påmeldingsturar

jul 11, 9:40am - jul 11, 3:40pm+12jul 13, 9:40am - jul 13, 3:40pmjul 15, 9:40am - jul 15, 3:40pmjul 17, 9:40am - jul 17, 3:40pmjul 18, 9:40am - jul 18, 3:40pmjul 20, 9:40am - jul 20, 3:40pmjul 22, 9:40am - jul 22, 3:40pmjul 24, 9:40am - jul 24, 3:40pmjul 25, 9:40am - jul 25, 3:40pmjul 27, 9:40am - jul 27, 3:40pmjul 29, 9:40am - jul 29, 3:40pmjul 31, 9:40am - jul 31, 3:40pmaug 1, 9:40am - aug 1, 3:40pm

Aktiv i LomBøverdaleveien 14Lom,2687 Map Som tidlegare ...

Som tidlegare år har me gruppeturar til Bøverbrean opne for påmelding!
Ein dag på blåisen i Jotunheimen kan verte eit minne for livet - ei heilt særeigen oppleving! Frå oppmøtestaden ved Krossbu tek anmarsjen mot brekanten omlag 1-1,5 time - totalt reknar me omlag 5-6 timar før me er attende ved Krossbu.

Turen høver for langt dei fleste; alminneleg god form og minimum 10 år. For familiar med yngre born enn 10 år ber me om at dykk tek kontakt - så kan det tilpassast eigen tur.
Hunden lyt du diverre setje att heime - den får ikkje vera med på brean.

Fastsette turdagar er måndag, onsdag, fredag og laurdag frå 11.7.2020 til 1.8.2020.
Pris: kr. 990,- per person, inkludert stegjern, hjelm, sele og isøks.

Oppmøte er på parkeringplassen på nedsida av Krossbu kl. 09:40
Påmelding må skje på epost til post@aktivilom.no seinast innan kl. 18:00 kvelden i førevegen. Fyrst til mølla - begrensa plassar tilgjengeleg.

68 Interesserte
Grottetur i Dumdalen - gruppeturar for påmelding

Grottetur i Dumdalen - gruppeturar for påmelding

jul 12, 9:50am - jul 12, 2:00pm+9jul 14, 9:50am - jul 14, 2:00pmjul 16, 9:50am - jul 16, 2:00pmjul 19, 9:50am - jul 19, 2:00pmjul 21, 9:50am - jul 21, 2:00pmjul 23, 9:50am - jul 23, 2:00pmjul 26, 9:50am - jul 26, 2:00pmjul 28, 9:50am - jul 28, 2:00pmjul 30, 9:50am - jul 30, 2:00pmaug 2, 9:50am - aug 2, 2:00pm

Aktiv i LomBøverdaleveien 14Lom,2687 Map Berre eit ...

Berre eit kvarter-tjugeminutts gange frå bilen og du er i ei anna verd.

Vakre, frodige Dumdalen er kjend for dei vakre og spanande kalksteinsgrottane sine - og me tek deg gjerne med dit på grottevandring!
Turen eignar seg for langt dei fleste - alminneleg god form, ikkje redsle for trange eller små plassar. Kryping, kravling og skitne klede må påreknast 😉

Dumdalen ligg omlag 38km frå Lom sentrum i retning Sognefjellet, rv.55, Oppmøte er på parkeringplassen ved inngangen til Dumdalen, på venstre side vest for bru, omlag 500m vest for Bøvertun.

Pris: 800,- per person
Frammøte kl. 09:50

Påmelding må skje seinast innan kl. 18:00 kvelden i førevegen til post@aktivilom.no

31 Interesserte
Hent meir

Informasjon om avbestilling

Aktiv i Lom har to (2) vekers avbestillingsfrist. Om du avbestiller turen du har bestilt eller meldt deg på seinare enn dette vil du verte fakturert 50% av prisen du opphaveleg skulle fakturerast. Dersom du avbestiller turen ei veke (7 dagar) i forkant av turen vil du verte fakturert for heile beløpet.

Dersom Aktiv i Lom lyt avlyse turen grunna sjukdom eller anna forfall hjå guide vil du ikkje verte fakturert. Aktiv i Lom kan avlyse turen grunna dårleg værmelding, flom eller andre særskilde værfenomen ( force majeure) utan at kunda får refundert fakturert beløp.

Aktiv i Lom tilbyr ikkje avbestillingsbeskytting, reise- eller ulykkesforsikring på våre arrangement. Me tilrår at den einskilde kunda teiknar eigen reise- og ulykkesforsikring.

Avbestilling skal vera skriftleg og sendast post@aktivilom.no

 

Her finn du oss:

Aktiv i Lom held til på fleire stadar i Lom og Bøverdalen.

Galdhøpiggen klatrepark ligg i Bøverdalen i Lom kommune, nærare bestemt på Raubergstulen oppunder Galdhøpiggen i Jotunheimen. Parken har ei makelaus plassering med utsikt over store delar av Bøverdalen. Du kan nyte utsikta over mange toppar over 2000 m.o.h Lom aktivitetspark ligg nærast midt i Lom sentrum; Fossbergom. Me er der næraste nabo med Sport 1 Lom. Me har godt med parkeringshøve, aktivitetar for born og vaksne i tillegg til alt vår nabo Sport 1 Lom kan tilbjo. Frå her er det kort gangavstand til resten av Lom sentrum. Prestfosstravesen ligg óg midt i Lom sentrum; attmed Norsk Fjellsenter. Odda skule i Bøverdalen er depoet vårt, her lagrar me alt utstyret vårt samt at me har kontoret vårt her. Me har ikkje bemanna opningstid her, du når oss på telefon eller epost.

Lom ligg ganske sentralt i sør-Noreg. Det tek omlag like lang tid å køyre hit om du kjem frå Oslo, Trondheim eller Bergen. Kjem du frå Oslo eller Trondheim fylgjer du E6 fram til Otta og tek der av og inn på Rv15 til Lom. Kjem du vestfrå køyrer du over Sognefjellet på Rv55 eller over Strynefjellsvegen Rv15 til du kjem til Lom. Frå Lom sentrum er det omlag 19 km til Galdesand. Her svingar du til venstre skilta mot Galdhøpiggen, Raubergstulen, Juvasshytta). Det er vidare omlag 5km til Raubergstulen og Galdhøpiggen klatrepark.